Storaas med ny bok om viltforvaltning
Styremedlem i NJFF Hedmark, Torstein Storaas, har sammen med Scott M. Brainerd, skrevet boka "Viltforvalting mot ein ny horisont".
Publisert: 09. desember 2024 kl. 14.41
Om boka:
Viltforvalting var tidlegare hausting av matnyttig vilt og utrydding av rovvilt. I antropocen, menneskets tidsalder, har mennesket og husdyra våre fullstendig overteke jordkloten (95–99 % av pattedyrbiomassen) og fortrengt viltlevande dyr (1–5 %). Viltforvaltinga går føre seg mot ein ny horisont – med naturtap og global oppvarming. Viltforvaltaren bidreg med kunnskap for å planleggja, gjennomføra og evaluera åtgjerder for å nå måla styresmakter og oppdragsgjevarar set for viltet. Heimehøyrande arter med leveområde skal vernast, invaderande framandarter skal stoggast.
Viltforvaltaren treng økologisk kunnskap om einskildarter og økosystem, og alle tiltak må skje innan rammene som lovverket set. Lovverket varierer mellom ulike land basert på tidlegare og noverande maktforhold og tradisjonar, slik og i Noreg. Mange vitskapsretningar er opptekne av å løysa naturvernutfordringar. Viltforvalting merkjer seg ut ved å leggja spesielt vekt på vern gjennom berekraftig bruk. Å forvalta jaktbare arter og leveområda deira slik at artene og jakta på dei kan halda fram for alltid, er vesentleg. Om dette kan oppnåast, er heilt avhengig av folkemeininga som bestemmer kva politikk som vert ført.
(https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215069456-24)
Boka ligger gratis tilgjengelig på https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215069456-24. Dersom noen ønsker papirkopi, blir eksemplar trykket ved bestilling på nettet.