Restaurering i Gaurobekken i Ulvik.

Kurs om habitattiltak i vassdrag

  • Fra:
    06.09.2024 kl. 17.00
  • Til:
    07.09.2024 kl. 16.00
  • Varighet:
    2 dager
  • Sted:
    Valestrandelva på Osterøy
  • Pris:
    Gratis
  • Påmeldingsfrist:
    10.06.2024
  • Arrangør:

Har du eit anadromt vassdrag i nærområdet ditt som du ynskjer å få gjort tiltak i for å betra tilhøva for fisken ?  Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg for å få informasjon om korleis du skal gå fram.

Vestland fylkeskommune har gjennom sine 9 vassområde kartlagt mange av dei viktige androme elvane i fylket mellom anna med midlar frå miljødirektoratet og statsforvaltaren. Me ynskjer no å få gjennomført dei habitattiltaka som er foreslått i rapportane. For å få dette til må me auka kunnskapen om slikt arbeid hjå lokale fiskar‐ og grunneigarlag. Me vil difor om mogeleg gjennomføra 3 slike kurs i Vestland i 2024. Møre og Romsdal og Rogland fylkeskommune har god erfaring med slike kurs. Hardangerfjord villfisklag har også hatt slike kurs i fleire år i Hardanger. Me vil brukar deira erfaringar for å gjennomføra våre kurs. Dette kurset er eit interkommunalt samarbeid med vassområda som vert drive med midlar frå vertskommunane og fylkeskommunen. Det er også eit samarbeid med NJFFs regionlag i Hordaland‐ og Sogn og Fjordane samt Statsforvaltaren i Vestland.

Gjennomføring:

16-17. august 2024, kurs i Årdal , lokal kontaktperson: Vidar Moen, tlf 91388642 (For påmelding trykk her. Frist 05.august).

6-7. september 2024 , kurs i Valestrandelva på Osterøy , lokal kontaktperson: Sveinung Klyve, tlf 95987501

20-21 september 2024, kurs i Måløy, lokal kontaktperson: Staffan Hjohlman, tlf 90402661 (For påmelding trykk her. Frist 05.august).

Kursa vert gjennomført frå fredag ettermiddag til og med laurdag med overnatting. Kursa er gratis for deltakarane med stønad frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Reise til og frå kurset må dekkast sjølv. Det må vera minst 10 stk påmelde for at kurset vert gjennomført.  Dersom det er for få påmelde eine staden kan nokon av  kursa verta slått saman. Hordaland jeger og fiskeforbund tek seg av påmelding og gjennomføring i samarbeid med vassområda. 

Det kan også vera mogeleg å delta for vidaregåande skular på Osterøy, i Årdal og i Måløy, og for kommunar og entreprenørar. Det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.  

Påmelding:

Påmelding til kursa vert sendt til Hordaland jeger og fiskarlag på epost: hordaland@njff.no
Spørsmål om kursa kan rettast til regionsekretær Terje Wangsholm, NJFF Hordaland
Frist for påmelding er 10.6.2024 

 

Program (førebels)

Fredag

17.00 Velkommen og presentasjon ved jeger og fisk

17.10 Kort om kartleggingsprosjektet for sjøaurestatus og litt om vassdirektivet v/ Vestland  fylkeskommune

17.25 Kort om status for sjøaurebestander i Vestland ved  Statsforvaltaren i Vestland

17.40 Kva er ein god sjøaurebekk? – sjøaurens biologi og habitatbruk v/biolog frå NORCE 

18.15 pause

18.30 Gode habitattiltak i ein sjøaurebekk i dårleg tilstand –v/biolog frå NORCE 

19.15 Framgangsmåte for å gjennomføre tiltak: planlegging, søknadar, gjennomføring og etterarbeid Vestland  fylkeskommune og Statsforvaltaren

19.30 Avslutning

20.00 Middag

 

Laurdag

09.30 Oppmøte ved (stad)

Befaring og analyse av bekk v/biolog frå NORCE 

Gjennomføring av habitattiltak

11.30 Lunsj

12.30 Fortsette arbeidet i bekken

15.30 Oppsummering og avslutning

16.00 Heimreise

 

Ta med støvlar eller vadarar og hanskar grafse og spade om du har dette.

Foto: Arbeid med restaurering av bekken Gauro i Ulvik.  Foto: Per Morten Aadland

Legg i kalender
KONTAKT

Terje Wangsholm

Tlf: 41445768

Del: