Hardangerfjordseminaret 2022
Hardangerfjordseminaret 2022 arrangeres på Thon hotel Sandven i Norheimsund, fredag 06. og lørdag 07.mai.
Publisert: 21. april 2022 kl. 11.50
Sist oppdatert: 21. april 2022 kl. 11.53
Etter tre år utan å kunne møtast, gler vi oss no til igjen å kunne invitere til seminar i eit vakkert vårpynta Hardanger.
Hardangerfjordseminaret er eit samarbeidsprosjekt mellom Hardangerfjord Villfisklag og NJFF-Hordaland og vart fyrste gong arrangert i 2008. Sidan starten har dette for mange blitt ein viktig årleg møteplass der fokuset er på tema knytt til forvaltinga av fisk, fjord– og vassdragsmiljøet vårt.
Årets program er ikkje noko unntak og du vil finne dagsaktuelle tema med innlegg som skildrar ein nosituasjonen og peikar ut retningar for ei meir berekraftig i forvalting av våre felles naturgoder, fisk, fjord og vassdrag.
Skjema for påmelding til seminaret ligg ved. Husk frist for påmelding: 29. april.