Me er klare med årets jegerprøvekurs.
Øystese Jeger- og Fiskarlag tek no imot påmelding til jegerprøvekurs 2025.
Kurset går over to helger: 21.-23. februar og 21.-23. mars. Eksamensdato er ikkje fastsett enno. Det er ingen krav til utstyr eller forkunnskapar, men deltakarar må minimum fylle 14 år i løpet av 2025.
Undervisninga vil gå føre seg på gymnaset og skytebanen vår i Vangdalsåsen.
Pris:
Medlem Øjfl kr 2.000 (ikkje medlem kr 3.500)
Medlem Øjfl under 18 år kr 1.400 (ikkje medlem kr 2.200)
I tillegg kjem eksamensavgift til miljødirektoratet på kr 360
Pris inkluderer enkel lunsj to av dagane
Påmelding:
Ring instruktør Ove Sandven på 994 74 508 (ikkje send melding her eller på Facebook)
Påmelding snarast og innan 15. februar (begrensa tal plassar)
Vi ønskjer sjølvsagt at du er eller vert medlem av Øystese jeger- og fiskarlag, dette vil gi god rabatt på kursprisen og på andre aktivitetar du vert med på.
Pris på medlemsskap i Øjfl:
– Junior kr 480 (utan medlemsblad kr 330)
– Senior kr 955
– Familiemedlemsskap kr 1.320 (gjeld to vaksne og ubegrensa tal barn)