
Harald Brekke Hordalandsmeister i jaktfelt
Øystese JFL var godt representerte på Hordalandsmeisterskapen i jaktfelt i helga. Harald Brekke gjekk like godt heilt til topps og gjorde reint bord. Me bøyer oss i capsen og gratulerar!
Publisert: 14. april 2025 kl. 09.28
Åtte skyttarar frå ØJFL hadde funne vegen til regionsmeisterskapen for Hordaland i Nordhordland og enda med gode, og til dels svært gode resultat. Harald Brekke gjekk til slutt heilt til topps i finalen og kunne smykka seg med tittelen «regionsmeister i jaktfelt» Det var tett i toppen, og i finalen var det 11 skyttarar som alle hadde 144 poeng eller meir frå innleiande skytingar. Brekke stod med 148 poeng, til liks med fem andre. Øvst på lista etter innleiande skytingar trona Espen Mjelde Jakobsen frå Nordhordland. Brekke heldt roen, og med fullt hus i finalen enda han med 198 poeng, og vann på rangering. På andreplass med same poengsum kom Lars Kristian Fjell frå Sotra og Øygarden JFF, etterfylgd av Aleksander Mogen som missa to poeng på fyrste holdet og enda på 196.
To andre Øysteseskyttarar som gjorde det skarpt var Monica Toft og Bjørn Eidem. Toft stod med 144 poeng etter innleiande skytingar og vann med det klasse JB med to poeng margin. Eidem hadde same poengsum som Toft og tok andreplassen i E2.
Øystese stilte òg med to lag i lagskytinga. Øystese 1, med Frode Andreas, Bjørnar og Monica Toft, enda på fjerde plass med 414 poeng. Rett under på lista finn me Øystese 2, der Bjørn Eidem, André Banay og Sjur Børve med 397.
Link til resultatlistene:
Innleiande skyting: https://treffdata.no/Rapport10/816/false/true
Lagskyting: https://treffdata.no/ReportTeam/816