Fiske
Sportsfiske har lange tradisjoner i Norge. I all tid har nordmenn kombinert glede og nytte ved å bringe med seg fangsten heim.
Fiskegruppa i Stordøy JFL arrangerer flogebindekveldar på Nordbygdo ungdomskule som følger skuleruta. Kvar onsdagskveld er dette ein fast samlingsplass for nye og erfarne flogebindarar i alle aldrar.
Foreninga har ein del utstyr tilgjengelig for dei som har lyst til å prøva seg. Samtidig så oppfordrar me dei som har eget utsyr om å ta med seg det. Det vil bli lagt opp til kursing og veileding undervegs.
I tilknytning til flogebindekveldane vert det arrangert kurs i flogebinding, flogekastekurs og fisketurar anten til vatn på Stord eller fiske i sjøen.
Håpar detta kan bli ein kjekk og fast samlingsarena for flogebinderar i regionen. Solsialt og lærerik for oss alle.
Har du spørsmål ta gjerne kontakt med leiar i Fiskegruppa; Thor Oddvar Havn tlf. 45391898.
Stordøy JFL har tre båtar til utlån.
1. Robåt i Tysevatnet.
Denne båten høyrer primært til Steinhytta. Den ligg i naustet i søre enden av Tysevatnet. Sjå info om Hyttene
2. Me har robåt i Håvtrongsvatnet, og den vert utlånt ved å kontakte Jan Olav Markhus, tlf. 40404618
3. Robåt i Budalsvatnet høyrer primært til Budalsbu. Denne båten ligg ved bekken som kjem ned frå Hovtrongsvatne. Sjå info om Hyttene