Jakt

Jaktgruppa i Stordøy Jeger og Fiskarlag er samansett av jegerar med forskjellige jaktinteresser.

​​​​På Stord er delt i to hovud deler: Hare/småvilt og hjort/storvilt, dette er naturleg då desse viltartane er dei som er lettast tilgjengeleg for medlemmene våre. Men det må ikkje gløymast det potensiale me har når det gjeld sjøfugl og gåsejakt, og i tillegg har me også moglegheit til seljakt.

Leiar: Svein Vesterheim, tlf 45411430

Jakt på Stord er delt i to hovud deler: Hare/småvilt og hjort/storvilt, dette er naturleg då desse viltartane er dei som er lettast tilgjengeleg for medlemmene våre. Men det må ikkje gløymast det potensiale me har når det gjeld sjøfugl og gåsejakt, og i tillegg har me også moglegheit til seljakt.

​​​Harebestanden har tidlegare vore svært god ,men dei siste åra har bestanden gått mykje tilbake, grunnane til dette er litt usikre, men for stort uttak av hare på visse terreng gjer at det tek tid før bestanden tek seg opp att, men ein annan grunn kan vera harepest (tularemi). Uansett vil me oppfordra jegerane til å vise måtehald når gjeld uttak.

Skogsfugljakt har lange tradisjonar her på øya og dessverre har me sett ein nedgang i bestanden dei siste åra i Stord- fjellet. Dette har medført at orrfugl er blitt freda i Stord kommune, medan i Fitjar kommune er det berre orrhøna som er freda. Tiur/røy og rype er totalfreda her på Stord. 

Hjort er det einaste klauviltet me har på Stord, det vert delt ut ca 80 fellingsløyvar her på Stord kvart år, trass i god avskyting ser det ut til at stamma framleis er i ein viss vekst. SJFF disponerer to hjorteløyvar på "Gruve"- eigedommen og desse vert fordelt mellom medlemmene i foreninga, slik at flest mogleg skal få høve til å prøva seg som hjortejeger i "eigen" skog, fyrstegongsjegerar har føremonsrett.

Sjøfugljakt er merkeleg nok ei lite utbredd jakt her på Stord, storskarven er eit skikkeleg bytte og den er sky og vanskeleg å komma innpå, men brukar du god kamuflasje og lokkeskarvar har du svært gode høve til å få felt eit par av desse tungvektarane.

Det finnes også mange dykkendar det er jakt på.

Om hausten er det og mulig å jakte grågås og kanadagås fleire stader i distriktet.

NB! Hugs å avtala med grunneigar før du tek deg i land på holmar og skjer for å jakte.

Seljakt er også ei jakt som krev mykje av jegeren, ein treng lisens for å driva jakt på havert som er av dei største selane me har, det er ikkje uvanleg med vekter rundt 300 kilo for eit vakse dyr, det er mogleg det vert opna for jakt på steinkobbe, men me er då avhengig av at me får innmeldt observasjonar av kobbe i distriktet av dei som har sett sel (når/kvar). For å jakte sel må ein ha avlagt storviltprøven med rifle og å ha søkt om lisens hos fiskeridepartementet.

​Storvilt, SJFL disponerer eit hjortejaktvaldet som ligg mellom Rødkleiv-Dalskarsvatnet-Rutletjønna-Husterdalen. Terrenget er ei stor utfordring då det er til dels veldig bratt og særdeles kuppert, kanskje eit av dei mest krevjande på heile øya. Men terrenget husar godt med hjort og det er fullt mogleg å komma på talefot med hjorten her om strategien er lagt opp rett.

Stordøy JFL arrangerer årleg Jaktfeltstemne Stord.

​​​Jaktfelt​stemne er terminlista og det er moglegheiter for å ta Skyteprøva for storviltjegarar (Bjørneprøva)

Me har fått mange gode tilbakemeldingar på løypa og tilrettelegging i felten. Deltakarar og publikum kan kjøpa mat og drikke i teltet som er sett opp ved feltløypa.

Ettersøkslaget Stordøy Jeger og Fiskarlag starta i 1996, og vårt mål er å ha 7-10 godkjente ekvipasjar tilgjenge til søk kvar haust.

Godt arbeid av hund og hundeførar

Resultat av mangel på ettersøk etter vomskot

​​​​På SJFL sitt årsmøte i 2018 vart Ettersøkslaget tatt inn som ein gruppe i SJFL, og dermed fekk leiaren plass i SJFL styret.   

Leiar i Ettersøksgruppa: Bjarte Litlabø, tlf. 412 12 244

Me i Ettersøksgruppa arbeider kontinuerleg med å halda ekvipasjane våre klar til ettersøk på påskutt, eller trafikkskadd vilt.

Me har jevnlege kurs for hundeførare, der reglement og deling av erfaringar er viktige tema. Alle våre hundeførare har gjennomgått kurset "Praktisk Ettersøk Fase 3", samt at fleire har deltatt på Jaktleiarkurs.

Gruppa prøver også jevnlig å få inn nye førare og nye hundar i gruppa. Dette er viktig for at me til ei kvar tid har nye hunder som kan bygge opp erfaring med søk, og eldre meir erfarne hunder på dei mest krevende ettersøka.

Grunna større mengde ettersøk på trafikkskadd vilt dei siste åra, har gruppa gått til innkjøp av fleire hodelykter og skytelys, samt refleksvester og hundeførersekker for å vera godt førebudd om det er behov for ettersøk.

Fra år 2011 vart jakta utvida frå 68 dager til totalt 112 vaktdager, og med dette samarbeidet halverar ein antall vaktdøgn for ekvipasjane.

Antallet søk i jaktsamanheng varierar veldig, men vanleg pr år er ca 10-15 søk. Ettersøkslaget registrerer ein nedgang i antall søk dei siste årene.

​Antall søk i Viltnemnd- regi på trafikkskadd vilt er fra 15- 25 pr år. Her er det dessverre ein aukande trend.