Historisk årsmøte

SJFF årsmøtet i 2023 vart historisk. Det vart einstemmig vedteke at foreninga skal vera jakt og fiskelaget for kommunane Stord og Fitjar, og endrar namnet til Stordøy Jeger- og Fiskarlag

Publisert: 16. november 2024 kl. 11.09

Sist oppdatert: 19. februar 2023 kl. 14.47

Årsmøtet vedtok og nye vedtekter i henhold til landsmøtevedtaket i NJFF frå 2021, og vedtektene blir lagt ut på nettsida vår.

Styret la og fram Strategi mål og hovudmål, Organisasjon, Handlingsplan 2023 - 2027 og Årsplan for 2023 som vart vedteke av årsmøtet. Bakgrunnen for at styret har jobba fram desse dokumenta er; 

Med bakgrunn i kravet om at vedtektene til SJFF måtte endrast iht til NJFF Landsmøtevedtak 2021, ville dette medføre at ein del av innhaldet i eksisterande vedtektene som bl.a. omhandlar
organisering av SJFF mangla dokumentasjon i framtida.

For det andre så meinte styret det var viktig for foreininga å stake ut kursen for framtida, for å sikre at beslutningar om ressursbruk er forankra i framtidige mål og hensikter. 

Dokumentet blir lagt ut på nettsida.