OPE MEDLEMSMØTE - TIRSDAG 11.JUNI

Velkomen til ope medlesmøte i Stordøy JFL, tirsdag 11. juni kl.1800 på Nordbygdo ungdom skule. Tema: "Rein Hardangerfjord" 2024 og informasjon om Sjøaureprosjektet.

Publisert: 30. mai 2024 kl. 21.09

Me er så heldige å få besøk at Kenneth Bruvik frå Framtidshavet som vil halde eit inspirerande og interssant innlegg i samband med ryddeaksjonen "Rein Hardangerfjord" - torsdag 19.sept 2024. I år er Stord vertskap for ryddeaksjonen og Kenneth vil informere om kva som skal skje frametter og kvifor det er viktig at me engasjerer oss.

Sjøaureprosjektet vårt fekk ein flott start i fjor, og leiar i Fiskegruppa, Thor Oddvar Havn vil informerer om status i prosjektet og planane for sesongen 2024.

Me avlsuttar kvelden med trekking av jakt i Gruveeigedomen for 2024.

Bolken med Rein Hardangerfjord og Sjøaureprosjektet er open for alle, dvs medlemmer og ikkje- medlemmer

Enkel servering

Vel møtt!