- Det er friviljug å delta på undersøkinga, og alt blir heilt konfidensielt
- Spørjeskjema og spørsmåla er direkte stilla mot ettersøksekvipasje, kring den jobben som blir utført på eit ettersøksoppdrag
- Skal undersøkinga ha noko nytte og verdi, er den avhengig av at dykk alle som utførar ettersøksoppdrag, både jakt/privat ettersøk og offentlege oppdrag, sender inn alle oppdrag uansett resultat
- Eigar av undersøkinga er NFF Sogn og Fjordane og NJFF Møre og Romsdal, i samarbeid med Høgskulen i Hedmark, avdeling Evenstad.
- Undersøkinga gjeld ettersøk av hjort utført i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
Målsetjing: - Evaluering av dagens ordning frå 1994
- Finne ut om der er moment, forhold og andre faktorar som kan påverke resultata av sjølve ettersøksoppdraget
- Organisering av ettersøksring/lag, samt ekvipasjar for eige jaktfelt
- Er kunnskapen god nok ute blant våre ekvipasjar
- Bruke innkomne skjema og resultat til å utvikla godt nok kursmateriale, påverke myndigheit og kanskje regulere lovverk
- Sjå om det er store forskjellar mellom offentleg oppdrag, privat/jakt oppdrag
Utfylling av skjema: - Det tar kring 10 minutt å fylle ut spørjeskjema
- Det må utfyllast eit skjema for kvart oppdrag
- Undersøkinga er avhengig av at alt blir utfylt, alle oppdrag uansett resultat
Før du kan starte, må du få passord. Denne får du ved å melde deg på undersøkinga til: rudi@njff.no
Det er viktig at de legg inn e-post adresse og passord for å aktivisere skjema
Når de har fylt ut skjema, trykk på send knappen! Då kjem det opp ein knapp som står kopi, trykk på den og de får tilsendt svarskjemaet dykkar på e-post
Alle som er registrert til å delta i undersøkinga, vil bli informert om resultata etter kvart som undersøkinga går fram
Alle som deltek i undersøkinga er med i ei trekning av ei Sako hundeførarrifle til ein verdi av kr. 21.000. Premien vert levert av Våpenloftet i Førde.
Spørjeskjema blir evaluert og vi er veldig interessert i tilbakemeldingar fortløpande frå dokke alle som deltek, både på e post rudi@njff.no og på vår Facebook side! Spørjeskjema vil bli evaluert og evt. endra kvart halvår.
LINK TIL SPØRJESKJEMA ETTERSØKSUNDERSØKING
Kontaktperson: Prosjektleiar Rudi Sønnervik, 97103639, rudi@njff.no