Inntil 7 jerv kan felles på lisens i M og R
I Møre og Romsdal kan det fellast inntil 7 jervar i lisensfellinga som startar 20. august
Publisert: 29. august 2022 kl. 10.53
Sist oppdatert: 30. august 2022 kl. 10.45
I Møre og Romsdal kan det fellast 5 jervar i beiteprioritert område (sone 2 i kart).
Innanfor forvaltningsområdet for jerv kan det fellast 2 jervar (sone 1 i kart).
Lisensfellingsperioden for jerv varer frå og med 20. august til og med 15. februar, jf forskriftsendring fastsett 17. august 2022 av Klima- og miljødepartementet
Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge fatta vedtak om kvote for lisensfelling av jerv 2022/2023 i møte 23. mai 2022. Vedtaket går fram av vedlagt møteprotokoll.
Vedtaket er klaga på, og departementet har ikkje handsama klagen. Kvoten kan difor bli endra.
Oppdatert informasjon om kvoten får du i kvotetelefonen.
Kart over lisensfellingsområder for jerv i M og R 2022/2023