Om Sykkylven JFF

Historia til Sykkylven JFF

SJFF vart stifta i 1960 av lokale jakt- og fiskeentusiastar. Vi veit ikkje så mykje om kva laget arbeidde mest med dei første åra, men kjenner til at det vart arrangert ulike kurs og tilstellingar,​​og at foreininga engasjerte seg i kultivering av fiskevatn, m.a. Sætrevatnet på Fjellsetra. Laget tok også tidleg opp spørsmålet om det var muleg å etablere og byggje opp ein villreinstamme i dei lokale fjellområda våre​.

 

Heilt frå starten av engasjerte SJFF seg såleis både innan jakt og fiske i bygda, og slik er det framleis. Dei seinare åra har friluftsliv meir generelt og forvaltning av dei lokale naturressursane kome til som viktige arbeidsfelt for foreininga. Sykkylven JFF er tilslutta Norges Jeger- og Fiskerforbund, og er dermed med i ein stor og slagkraftig organisasjon. Dei siste åra har foreininga hatt mellom 90 - 120 medlemmar. Dei viktigaste føremåla til Sykkylven JFF er:

- å vere ein aktiv interesseorganisasjon som ivaretek medlemmane sine interesser innan

   jakt, fiske, naturforvaltning og friluftsliv.

- å sikre at folk flest skal ha høve til å drive jakt og fiske

- å ta vare på naturen sitt produksjonsgrunnlag og sikre ei berekraftig hausting av vilt- og  

   fiskeressursane

- å arbeide for auka allmenn forståing for jakt og fiske

- å arbeide for rett bruk av våpen og fiskereiskapar

- å drive eit aktivt ungdoms- og utdanningsarbeid

- å samarbeide med offentlege styresmakter og andre interesseorganisasjonar

- å arbeide for å etablere lokale medlemsfordelar.

 Arbeidsprogram.

Alt dette er nedfelt i vedtektene til foreininga, og utifrå dette vert det sett opp arbeidsprogram for kvart år. Nokre av punkta i arbeidsprogrammet er årvisse aktivitetar og tilbod, som t.d. fiskekonkurransar i sjø og vatn, familiedag, eigne turar for medlemmar i fiskeklubben, jegerprøve kurs, flugebinding og kurs i kasting med 1 og 2 hands flugestang. SJFF leiger ein fast fiskerett i Straumen, der interesserte medlemmar kan melde seg på og kjøpe partar. Vi disponerar og 2 fiskevann og felles fiskekort kan kjøpast hos Intersport Mange av medlemmane er aktive jegerar, og fleire av dei dreiv regelmessig trening med leirduer og hevda seg tidlegare godt i konkurransar rundt om. Hausten 2004 vart den nye leirduebana vår ved Svartevatnet opna, her har det vert stor aktivitet og vi startar som vanleg opp med nye aktivitetar når snøen forsvinn. Det vert då skyting 2 kveldar i veka( ti-to) Elles er Sykkylven JFF ein aktiv medspelar og høyringspart i alle kommunale saker som har med planlegging og forvaltning av naturressursane i lokalsamfunnet å gjere, både på sjø og land.