Ta jegerprøva med Ulstein og Hareid / Herøy og Sande jeger og fiskerforening!
For å drive jakt og fangst i Noreg må ein ha avlagt jegerprøveeksamen. Kurset og prøva er den same om ein vil jakte storvilt eller småvilt. Miljødirektoratet har gjeve reglane for jegerprøva og korleis undervisning skal gå føre seg.
Dette er eit intensivt kurs som går over to helgar.
Kursplan
Våre helgekurs startar fredag og blir avslutta søndag påfygjande veke og fyl denne kursplanen:
- helga
- Fredag kl.18.00-21.00
1. Jakt og holdningar - Laurdag kl.10.00-16.00
2. Våpen og våpenlovgjevinga
3. Human og sikker jakt i praksis. - Søndag 10.00-16.00
5. Artskunnskap
6. Lover og forskrifter
2. helga
- Fredag kl. 18.00-21.00
7. Jaktformer - Laurdag kl. 10.00-16.00
4. Skyting, hagle og rifle. På bana til HSJFF Leikongeidet - Søndag kl 10.00-16.00
8. Ettersøk av skada vilt
9. Handtering av felt vilt
Samling 1- 4 har obligatorisk oppmøte. Manglande deltaking må takast igjen ved eit anna kurs. Fråver er tillate med inntil 2 samlingar av samling 5 - 9, og dokumenterast med bestått test frå e- læringsmodulen. E-læringsmaterialet finn du her: https://www.trainingportal.no/md/content_html.html#/lang/nor/sequence/269834
Pensum
Det er fleire godkjende bøker med pensum. Vi har "Jegerprøven med NJFF" og den kan kjøpast fyrste kurskveld. Boka kostar kr 300,- i tillegg til kursavgifta om du vil kjøpe ho.
Kurslokale og gjennomføring:
Vårt undervisningslokalet er på Reiten 22, 6065 Ulsteinvik. Du køyre forbi Shell-stasjonen Ulsteinvik, og ta til høgre. Så til høgre igjen, forbi ein barnehage, så ligg undervisningslokalet avkøyring til venstre. Vi set opp ein gatebukk som skiltar med «Jegerprøvekurs»
Samling 3 går føre seg utandørs. Samling 4 går føre seg på skytebane. Hagleskytinga gjennomførast på leirduebane og rifleskytinga på 100-metersbane. Alle våre elevar får skyte med jaktrifle i godkjend storviltkaliber. Det er viktig å kle seg til veret desse samlingane, då desse ikkje kan gå føre seg i kurslokalet.
Oppmelding til eksamen
Den som skal gå opp til eksamen må betale ei eksamensavgift til Miljødirektoratet (i tillegg til kurspris), og registrere seg som jegerprøvekandidat. Alle kandidatar må registrere seg som jegerprøvekandidat for å få tilgang til «Min side» og den elektroniske betalingsløsninga for jegerprøvegebyr (360,-). Det er eit absolutt krav for å få tilgang til eksamen at alle kandidatar registrerer seg og nyttar den elektroniske betalingsløysninga.
Informasjon om eksamen finn du på sida For Kursdeltagere.
Kurset blir arrangert av Uhjff, i samarbeid med Hsjff. All informasjon om eksamensdato, stad og kontaktinfo til eksamensarrangør, får du på kurset.
Nokre vil kanskje ta eksamen annen stad og/eller tid, og vil få dei opplysningar dei treng for å få gjennomført eksamen etter behov.
Påmelding
Ved eventuell avmelding, blir avgifta tilbakebetalt fram til påmeldingsfrist, med fråtrekk frå avmeldingsgebyr (200,-) Tilbakebetaling etter påmeldingsfrist berre etter dokumentert gyldig årsak. Avmeldt aktivitet, kan i staden for tilbakebetaling overførast til seinare kurs. Jegerprøvekurs er å rekne som fritidsaktivitet ihht angrerettloven §22m, og er derfor unntatt angrefristen på 14 dager.
Kurset er fullteikna med 20 påmelde via aktivitetskalendaren, men melder fleire seg på er det venteliste, og du får mail med 1 døgns svarfrist hvis du får plass frå venteliste. Vi informerer alle ventande, ved kursstart, om neste kurs. Resterande venteliste kan overførast til neste kurs, hvis mulig.
Er det fortsatt noko du lurer på kan du ta kontakt med Trond Røyset, mobil: 45 67 31 31 eller på e-post til: jaktkaren@outlook.com
Velkomen til jegerprøvekurs med Ulstein og Hareid JFF / Herøy og Sande JFF.