Årsmøte og tillitsvaldkonferanse i NJFF Sogn og Fjordane

  • Fra:
    28.03.2025 kl. 17.00
  • Til:
    29.03.2025 kl. 17.00
  • Varighet:
    2 dager
  • Sted:
    Thon Hotel Jølster, Skei
  • Pris:
    Medl: 645,- / Ikke medl: 10000,-
  • Påmeldingsfrist:
    24.03.2025
  • Arrangør:

Innkalling til årsmøte i NJFF Sogn og Fjordane

Årsmøtet vert halde på Thon Hotel Jølster på Skei fredag 28. mars. Årsmøtet vert kombinert med ei tillitsvaldsamling som vert halde laurdag 29. mars. 

Påmeldingsfrist til årsmøtet er 1. mars. Påmelding skal skje av lokallagsleiar eller på oppdrag frå lokallagstyret. Det er ynskjeleg at ein melder seg på og betalar ved påmelding, men dersom det blir vanskeleg, kan ein velge kategori gratis og få tilsendt faktura. 
 

Prisar:
Fredag dagpakke med middag: 745,-
Laurdag dagpakke med lunsj: 645,-
Full pakke med overnatting:  2.485,-

 

Saker til årsmøtet må vere styret i hende seinast 27.02.2024, sendast til sognogfjordane@njff.no.
 

Endeleg sakliste og program vert sendt ut på e-post saman med årsrapport og årsmøtedokument seinast 2 veker før årsmøtet.

 

FØREBELS PROGRAM ÅRSMØTE NJFF -Sogn og Fjordane 2025

 

Fredag 28. mars

 

Kl 17.00  Noko å bite i

Kl 17.30  Årsmøtesaker

Kl 19.00  Kaffepause

Kl 19.30  Høgfoss og Fallan Jaktfilmer  

Kl 21.00  Festmiddag

 

 

Laurdag 29. mars Tillitsvaldsamling
Kl 08.30 Nytt fra NJFF: ny miljøstrategi – kva vil det seie for lokallaga? Vedtekter må setjast opp i ny form med meir. Ved Alf Erik Røyvik, Forbundsstyret i NJFF

Kl 09.15 Pause

Kl 09.30 Gaular jfl: reetablering av lokallag.
Ved Susanne Paulsen

kl 09.50 Hyllestad jfl: korleis vi driftar laget
ved Jan Erik Søreide og Henning Skjalg Fureli

Kl 10.10 Gruppeoppgåver. Pause når det passar

Kl 11.45 Lunsj

Kl 12.30 Presentasjon av gruppeoppgåver

Kl 13.00 Pause

Kl 13.15 FRILUFTSLIVETS ÅR

Psykisk helse og jakt, fiske og friluftsliv
Ved psykolog Per Steinar Melås

Mat i friluft. Tips og idear til kva ein kan lage i på bålpanna og grillen når lokallaga har aktivitetar ute. Smaksprøver. Ved Sigrid Henjum

Ca Kl 16.00 Trekning av «til-stade»-premie, alle skriv namnet sitt på ein lapp og legg i hatten. Trekker ut 3 pengepremiar. Heimreise

Programmet kan bli endra.

 

 

 

SAKLISTE ÅRSMØTESAKER

 

  1. Konstituering av møtet.
  • Godkjenning av representantar
  • Godkjenning av innkalling
  • Godkjenning av dagsorden
  • Godkjenning av forretningsorden
  • Val av ordstyrar
  • Val av sekretær
  • Val av teljekorps
  • Val av to delegatar til å underskrive protokollen
  1. Årsberetning 2024
  2. Revidert rekneskap 2024
  3. Innkomne saker med styret sine forslag til vedtak.
  4. Andre saker som styret har ført opp på dagsorden.
  5. Styret sine forslag til årsplan og budsjett 2025.
  6. Val av styre i samsvar med § 7.
  7. Val av valnemnd på tre medlemer inklusive leiar, så vidt mogleg geografisk fordelt.  Medlemene veljast for tre år, rullerande slik at éin person er på val kvart år.
  8. Val av revisor og vararevisor for eitt år.
  9. Val av utsendingar til landsmøtet. Desse skal være gyldig medlem av eit av lokallaga i regionen eller vere direktemedlem i regionlaget.

 

 

 

 

 

Antal delegatar kvart lokallag kan sende til fylkesårsmøtet

 

I h.h. til vedtektene kan lag med inntil 200 medlemer sende 2 representantar. Lag med fleire medlemer kan sende ytterlegare 1 representant for kvar påbyrja 200 medlemer, -maksimalt 6 representantar. Medlemer frå laga utnemnd av NJFF i sentrale utval og fylkesinstruktørar vert kalla inn til årsmøtet. Desse har talerett, men ikkje røysterett. Dersom dei møter som representant for eit lag har dei både tale- og røysterett på årsmøtet.

 

 

Lokallag  Antal betalte medl  Antal delegatar

  Per 31.12.24      ein kan sende på årsmøte

Askvoll og Holmedal Jff    78  2

Aurland Jfl  140  2

Balestrand Jfl    45  2

Bremanger jff    44  2

Eid jfl  241  3

Fjaler jspfl    62  2

Flora jff  292  3

Førde Jfl  304  3

Gaular Jfl    59  2

Gloppen Jfl  197  2

Gulen jspfl    39  2

Hyen Jff    73  2

Hyllestad jfl    88  2

Jølster Jspfl  102  2

Leikanger Jfl  317  3

Luster Jfl  246  3

Lærdal Jfl    42  2

Naustdal Jff   82  2

Sogndal jsfl  191  2

Stryn og Hornindal Jspfl  109  2

Vik jfl     99  2

Ytre Nordfjord Jff        49  2

Årdal Jff     543  4

 

 

Legg i kalender
KONTAKT

Reidun Solberg Seim

Tlf: 97076702

Del: