Vi tilbyr to lærerike dagar i skogen, der du brukar din eigen bandhund, samtidig som du kan sjå korleis andre bandhundar fungerer.
Vi stiller med instruktør, som også er jaktprøvedommer, og demonstrasjon av bruk av bandhund. Kurset er berekna for elghundrasane, berre hund som er under elghundrase kan takast med på kurset.
Du melder deg på nederst på sida. Skal du melde på fleire deltakarar (som t.d. familiemedlem / hundeførar nr. 2 på same hund), trykker du "legg til deltager" før du bekreftar påmeldinga.
Dersom du ynskjer å vere med utan hund, kan du melde seg på som familiemedlem/hundeførar nr 2, men skrive i kommentarfeltet at du kjem aleine utan hund.
Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane og Gulen jeger og fiskeforening
Kontaktperson: Bjørn H. Marthinussen, 95164766
Kontaktinfo NJFF Sogn og Fjordane: sognogfjordane@njff.no, 97076702, www.njff.no/sognogfjordane
Program og meir informasjon om aktiviteten:
Laurdag
0900 Oppstart. Oppmøte ved Brosvikvatnet
0915 Gjennomgang av jaktprøvereglar for bandhund.
1000 Ut i skogen med erfaren bandhund.
1100 Bruke eigen hund i skogen med jaktprøvedommer.
1900 Treningstips og dressur.
Søndag
0800 Oppstart. Oppmøte ved Brosvikvatnet
0815 Bruke eigen hund i skogen med jaktprøvedommer.
1700 Treningstips og dressur.
1800 Avslutning og heimreise
Krav til deltakere:
Ingen.
Må ordne overnatting og mat sjølve. (døme på overnatting: http://botnencamping.com/ )
Dette må du ta med deg:
-All mat til deg sjølv og eventuelt hunden.
-Kle til å vere ute i all slags vær.
-Ved bruk av eigen hund, husk jaktsele og band.
Tilbakebetaling av deltakeravgift
Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.