Ettersøksseminar 2025

  • Fra:
    07.03.2025 kl. 18.00
  • Til:
    09.03.2025 kl. 16.00
  • Varighet:
    3 dager
  • Sted:
    Skei i Jølster
  • Pris:
    Medl: 850,- / Ikke medl: 1000,-
  • Påmeldingsfrist:
    28.02.2025
  • Arrangør:

NJFF Sogn og Fjordane og NJFF Hordaland ønskjer deg velkommen til kanskje Noregs største Fagseminar på ettersøk, helga 7.-9. mars 2025

Tidlegare har vi hatt fagdag ettersøk på ein dag, men no knallar vi til med fagseminar heile helga med spennande og høgaktuelle tema. Her vert det mykje godt og fagleg påfyll og erfaringsutvekslingar!

Fredag

  • Kl. 20.00 Middag og sosialt

Vi har reservert eit eiga område i lobbybaren slik at du får “mingle” i lag med dei andre som skal på seminaret.

Laurdag

  • Kl. 09.30 - 10.00 velkommen og informasjon
  • kl. 10.00 – 12.00 Foredrag: Hunden og trening. Kvifor gjer hunden som den gjer? Genetikk, innlært adferd og erfaring.
    Kva seier nyere forskning. Korleis kan vi utnytte det som bur i jakthunden for å få den beste ettersøkshunden.
    Foredragsholder: Hilde Ulvatne Martinsen, Dagleg leiar Hamar Hundeskole AS
  • Kl. 12.00 - 13.00 Lunsj
  • Kl. 13.00 - 17.00 Foredrag med Torkel Norling, profesjonell ettersøksjeger i Sverige. Torkel er i jakthundskomiteen i Svenska Kennelklubben, og i fleire arbeidsgrupper retta mot ettersøk. Han har gjennom fleire år jobba med å samanlikne ettersøksmetodikk, både når det gjeld avl, hundetrening og taktikk, og intervjua nokre av dei mest suksessfulle ettersøksjegere. Resultatet presenterer han i boka “Betre eftersök”. Vi er svært glade for at Torkil reiser den lange vegen for å dele sine erfaringer med oss på Skei denne helga!
  • Kl. 19.00 Middag og sosialt
     

Søndag

  • Kl. 09.00 - 10.30 Foredrag: Brede Seim, Mattilsynet.
    Mattilsynet er departementets utøvande organ knytt til dyrehelse og dyrevelferd. Dei bidrar mellom anna til utvikling av regelverk, og til ettersøksseminaret skal vi få høyre mellom anna desse temaene:
    Mattilsynet sitt høyringsinnspel til ny viltressurslov
    Dyrevelferd i samanheng med ettersøk
    Krav til viltbehandlingsanlegg
    Bruk av skarp hund på ettersøk sett i dyrevelferdsperspektiv 
  • Kl. 10.30 - 10.45 Pause
  • Kl. 10.45 - 11.30 Foredrag. Dag Bjerkestrand er ein erfaren ettersøksjeger. Han jobber også som skogbrukssjef og miljøvernleiar i Averøy kommune og kjem til å halde to foredrag. Det første handler om lovverk og bestemmelser som innvirker på offentlege ettersøk. Han skal også snakke om krav til kommunene og krav til dei offentlege ettersøksjegerne.
  • Kl. 11.30 - 12.30 Lunsj
  • Kl. 12.30 - 13.30 Dag Bjerkestrand fortset med foredrag om praktiske løysingar kring organisering av ettersøk i kommunene. Ulike måter å organisere på, fordelar og ulemper. Eksempel på korleis dette er løyst i Averøy kommune. Tanker om framtida for offentlege ettersøk. 
  • Kl. 13.30 - 13.45 Pause
  • Kl. 13.45 - 14.30 kjem Dag Fiske frå vest politidistrikt. Han skal mellom anna sei litt om korleis varslinga ved viltulykker er og om det er planar om endring av rutinane kring dette. Korleis kan politiet hjelpe og trygge ettersøksjegeren på oppdrag langs veg, og er det noko vi som ettersøksjegere kan gjere for at dialogen med politiet kan bli enno betre. Vi ser fram til ein konstruktiv debatt om tema som mange ser på som ein "heit potet".
  • Kl. 14.30 – 14.45 Pause
  • KL 14.45 – 15.30 Diskusjonstime og erfaringsutvkeksling.
    Dei vanskelege ettersøka
  • 15.30 Oppsummering og avslutning



Deltakarprisar (inkluderer ikkje overnatting)

Ikkje medlem i NJFF:
Dagpakke inkl. Lunsj dag:                                       kr. 1000,-
2 x dagpakke utan middag                                      Kr. 1800,-
2 x dagpakke inkl. middag lørdag                            Kr. 2300,-
2 x dagpakke inkl. middag fredag og lørdag  Kr. 2800,-

Medlem i NJFF:
Dagpakke inkl. lunsj                                                Kr. 850,-
2 x dagpakke utan middag                                      Kr. 1500,-
2 x dagpakke inkl. middag lørdag                           Kr. 1990,-
2 x dagpakke inkl. middag fredag og lørdag           Kr. 2490,-

 

Overnatting:
Thon Hotel Skei: 57727800 (Be om NJFF-pris kr. 1095,- pr natt. NB! Ring hotellet dersom nettsida seier det er fullt)
Skei Servicesenter (camping/hytter): 57728234
Lunde Turiststasjon: www.turiststasjon.no 

Andre alternativ: https://visitjolster.no/?2809630418=2

Påmeldingsfrist: 28. februar
Du må betale ved påmelding. Skal kommune eller andre betale, kan du sende krav til den som skal betale og leggje ved stadfestinga du får når du har betalt.

Har du spørsmål du ønskjer vi skal lufte på diskusjonstimen til slutt?: Legg det inn i kommentarfeltet når du melder deg på.
Det vert og høve til å stille spørsmål til foredragshaldarane etter kvart innlegg.

Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane ved Ettersøksutvalet og NJFF Hordaland.
Kontaktperson: Ann Kristin Gaare,
annkristin@njffsognogfjordane.no tlf: 41200591

Kontaktinfo NJFF Sogn og Fjordane: sognogfjordane@njff.no, tlf: 97076702, www.njff.no/sognogfjordane

Linelåsen, Våpenloftet og Norsk Schweisshund klubb kjem med stand med relevant utstyr på seminaret.

Foto: Ann Kristin Gaare

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før seminarstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før seminarstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: