Friluftsleir for ungdom 2025

Friluftsleir 13-15. juni på Nesholmen i Hyen.  For ungdom i alderen 11 - 15 år, ope for både medlemer og andre.
Påmeldingsfrist 01.05.2025. Maks 80 deltakarar. NB! Leiren blir som oftast fullbooka, så ver tidleg ute. 

Deltakaravgift kr 500 for medlemer i Norges Jeger- og Fiskerforbund. Kr. 900 for ikkje-medlemer. 

Arrangørar: Gloppen jfl, Hyen jfl, Førde jfl, Flora jff og NJFF Sogn og Fjordane 

 

På leiren er det valfrie aktivitetar som skyting, fellefangst, fiske, garnfiske, matlaging over bål, kanopadling, bading, leirliv og bålkos med meir. Du blir med på det du vil. Laurdag vert delt i tre grupper; skytegruppa reiser til Aa-bakkane for skyting med hagle, rifle og salong. Fiskegruppa er att på Nesholmen og fiskar, bitter fluger, kastar med flugestong, får opplæring i fiske etc. Laksefiskegruppa reiser til Ommedalselva og får prøve seg på laksefiske. Laksefiskegruppa har aldersgrense, du må fylle 14 år i 2023 eller vere eldre for å vere med her. 

Utstyr du må ha for å kunne vere med på leiren: Sovepose, liggeunderlag og kle.
Du kan ta med eige fisketutstyr om du vil, veldig viktig at du aldri legg fiskestenger på bakken, her er mange deltakarar og fort gjort å trakke på det som ligg på bakken.
Vi lånar ut fiskeutstyr og anna utstyr til aktivitetane. 

Informasjonsbrev til deltakarane vil bli sendt ut på e-post.
Her ser du informasjonsbrevet som vart sendt ut i 2024: Informasjonsbrev til deltakarane 2024

 

Dersom du ikkje er medlem og ynskjer å få medlemsrabatt, kan du melde deg inn i NJFF her:

https://minside.njff.no/portal/forms

 

PROGRAM 2025 (programmet kan bli endra):

 

ALLE AKTIVITETAR ER VALFRIE, MED UNNTAK AV MÅLTID OG MORGONSAMLING

 

Fredag:

Kl 18.30-19.00  Oppmøte, etablering av leir
kl 19.00    Fiskekonkurransen startar, NB! Ikkje lov å gå i båt / kano før kl 20.30.

Kl 19.30  Fellessamling

Kl 20.00  Middag

  Fiske, kanopadling, fotball, bålkos

  Dei som skal på laksefiske trenar på flugekasting 

Kl 23.00  Alle kanoar og båtar må vere på land

Kl 23.00  Nattmat

Kl 24.00  Ro i leiren, alle skal vere i telta

 

Laurdag:

Kl 08.00  Frukost. Alle lagar niste til lunsj

Kl 09.00  Morgonsamling. 

Kl 10.00 –  ca. 15.00  Delast i tre grupper:

  Gruppe 1:   Skytegruppa reiser til Aa-bakkane

  Gruppe 2:   Fiske, kano og mat på bål på Nesholmen. 

  Gruppe 3:   Reiser til Ommedalselva for laksefiske.

Kl 13.00  Servering av saft til lunsj-matpakken

Kl 17.00  Fiske, bading, kanopadling, båt, flugebitting, fotball mm

Kl 18.00  Middag. Alle kanoar og båtar på land kl 18.00 - kl 19.00!

Kl 19.00  Kanokonkurranse 

Kl 19.00  Aktivitetar fortset

Kl 21.00  Fotballkamp: vaksne mot deltakarar

Kl 22.30  Kahoot

Kl 23.00  Nattmat. Alle kanoar og båtar må vere på land.

Kl 24.00  Ro i leiren, alle skal vere i telta

 

Søndag

Kl 08.30-09.30  Frukost

Kl 09.30  Morgonsamling

Kl 09.45  Rydding og riving av leiren

Kl 10.30 -  Aktivitetsti

                                    Flåing av småvilt, pelsing, feller og fangst.

    Fiske, padling etc.

Kl 12.00  Avslutning av fiskekonkurransen

Premieutdeling fiskekonkurranse, kanokonkurranse og kahoot

Kl 12.30  Lunsj

Kl 14.00  Heimreise

 

Tilbakebetaling av deltakeravgift

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på 60,-

Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon

Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.

Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på 60.

Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Jan Erik Bjørnsen Søreide

Tlf: 48161725

Del: