Habitatkurs sjøaurebekkar, Måløy

Gratis kurs om miljøtiltak i sjøaurebekkar!

Har du ein bekk eller ei elv i nærområdet ditt, der du ynskjer å gjere tiltak for sjøaure eller laks? Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg. Frist for påmelding: 10. juni 2024.

Målgruppe: Elveeigarar og Jeger- og fiskarlag. I tillegg kan det vere mogeleg for vidaregåande skular i nærområda, kommunar og entreprenørar, men det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.

Det er planlagt 3 kurs, under føresetnad av minst 10 påmeldte per kurs:

16.-17. august i Årdal
06.-07. september i Valestrandelva på Osterøy
20.-21. september i Måløy

Kursa er planlagt frå fredag kl 17 til laurdag kl 16 (endringar kan kome)

Påmelding innan 5. august 2024 

 

Dette kurset er for det som skal vere i Måløy. Medarrangør er Ytre Nordfjord Jeger- og Fiskerforening.
or kurset i Årdal, sjå i aktivitetskalenderen. For kurset i Osterøy, meld deg på til hordaland@njff.no 

 

Gratis kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag i Vestland fylke 2024
Har du eit anadromt vassdrag i nærområdet ditt som du ynskjer å få gjort tiltak i for å betra
tilhøva for fisken ? Då er dette kurset om habitattiltak i vassdrag det rette for deg for å få
informasjon om korleis du skal gå fram.
Vestland fylkeskommune har gjennom sine 9 vassområde kartlagt mange av dei viktige androme
elvane i fylket mellom anna med midlar frå miljødirektoratet og statsforvaltaren. Me ynskjer no å
få gjennomført dei habitattiltaka som er foreslått i rapportane. Fo r å få dette til må me auka
kunnskapen om slikt arbeid hjå lokale fiskar‐ og grunneigarlag. Me vil difor om mogeleg
gjennomføra 3 slike kurs i Vestland i 2024. Møre og Romsdal og Rogland fylkeskommune har god erfaring med slike kurs. Hardangerfjord villfisklag har også hatt slike kurs i fleire år i Hardanger.
Me vil brukar deira erfaringar for å gjennomføra våre kurs. Dette kurset er eit interkommunalt
samarbeid med vassområda som vert drive med midlar frå vertskommunane og fylkeskommunen.
Det er også eit samarbeid med Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) Hordaland og NJFF Sogn og Fjordane og Statsforvaltaren i Vestland.

Gjennomføring:
16 -17 august 2024, kurs i Årdal , lokal kontaktperson: Vidar Moen , tlf 91388642
6 -7. september 2024 , kurs i Valestrandelva på Osterøy , lokal kontaktperson: Sveinung Klyve, t lf 95987501
20- 21 september 2024, kurs i Måløy, lokal kontaktperson: Staffan Hjohlman, tlf 90402661
Kursa vert gjennomført frå fredag ettermiddag til og med laurdag med overnatting. Kursa er gratis for deltakarane med stønad frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren . Reise til og frå kurset må dekkast sjølv. Det må vera minst 10 stk påmelde for at kurset vert gjennomført. Dersom det er for få påmelde eine staden kan nokon av kursa verta slått saman. NJFF Hordaland tek seg av påmelding og gjennomføring i samarbeid med vassområda.
Det kan også vera mogeleg å delta for vidaregåande skular på Osterøy, i Årdal og i Måløy, og for
kommunar og entreprenørar . Det må då gjerast særskilt avtale om dette og det blir då utan gratis overnatting.


Påmelding:
Påmelding til kursa vert sendt til NJFF Hordaland på epost: hordaland@njff.no

Spørsmål om kursa kan rettast til regionsekretær Terje Wangsholm , NJFF Hordaland

Frist for påmelding er
10.6.2024

Program (førebels)
Fredag
17.00 Velkommen og presentasjon ved jeger og fisk
17.10 Kort om kartleggingsprosjektet for sjøaurestatus og litt om vassdirektivet v/ Vestland fylkeskommune
17.25 Kort om status for sjøaurebestander i Vestland ved Statsforvaltaren i Vestland
17.40 Kva er ein god sjøaurebekk? – sjøaurens biologi og habitatbruk v/biolog frå NORCE
18.15 pause
18.30 Gode habitattiltak i ein sjøaurebekk i dårleg tilstand –v/biolog frå NORCE
19.15 Framgangsmåte for å gjennomføre tiltak: planlegging, søknadar, gjennomføring og etterarbeid Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren
19.30 Avslutning
20.00 Middag
Laurdag
09.30 Oppmøte ved (stad)
Befaring og analyse av bekk v/biolog frå NORCE
Gjennomføring av habitattiltak
11.30 Lunsj
12.30 Fortsette arbeidet i bekken
15.30 Oppsummering og avslutning
16.00 Heimreise

Ta med støvlar eller vadarar og hanskar grafse og spade om du har dette.

Legg i kalender
KONTAKT

Terje Wangsholm

Tlf: 414 45 768

Del: