Jentesamling på Hafslo, 24.-25. januar
Det vert vintersamling for jakt -og fiskeinteresserte jenter i år. Staden er Hafslo i Luster, med både faglig og sosialt påfyll. Vi brukar å ha det veldig kjekt, og utvekslar erfaringar og knyter nettverk på tvers av «gamlefylket».
Stad: Tang hyttegrend. Hafslo
Dato: 24. -25. januar
Det vert ulike aktivitetar på årets samling:
Fredag kveld vert det eit kort foredrag om jakthund; å skaffe seg hund, ulike bruksområde og korleis trene kvalpen med positive metodar. Ann Kristin Gaare er jakthundinstruktør trinn 2 og instruktør ettersøk. Vi lagar til frukost og lunsj saman på hyttene.
Deltakarane får noko å bite i når ein kjem kl 17-18.
Joar Søhoel diskar opp med ein nydeleg 2-retters viltmiddag kl 20.00 på Beim Gard.
Etter frukost laurdag møter vi igjen Joar Søhol, aktiv jeger, kokk og ambassadør for NJFF. Han vil lære/vise oss om flåing, partering og mørning. Vi avsluttar samlinga etter lunsj.
NB! Dersom vi er heldige med kaldt, fint vinterver og det er trygg is på Hafslovatnet, er det mogeleg å prøve isfiske. Dette vert ev. på eige initiativ. Jenteutvalet kan bidra med informasjon om aktuelt utstyr.
Kontaktperson: Wenche Henden/95800056
Pris medlem NJFF: 1050,- Ikkje medlem 1500,-
Påmeldingsfrist: 3. januar
Start: Fredag 24. jan. kl. 17.00 til laurdag 25. jan. kl. 14.00
Utstyr: Det du treng til hytteovernatting, snacks/eig drikke. Gode, varme kle. Det er mogeleg å leige sengekle dersom du ynskjer det.
Arrangør: NJFF Sogn og Fjordane – Jenteutvalet, lokale jakt og fiskelag.