Skytedag for ettersøksjegere

  • Fra:
    26.08.2023 kl. 13.00
  • Til:
    26.08.2023 kl. 22.00
  • Varighet:
    9 timer
  • Sted:
    Kråkenesmarka, Førde
  • Pris:
    Medl: 600,- / Ikke medl: 800,-
  • Påmeldingsfrist:
    21.08.2023
  • Arrangør:

Ettersøksutvalet i NJFF Sogn og Fjordane inviterer alle ettersøksjegere i regionen til skytedag i Kråkenesmarka, Førde laurdag 26. august 2023 frå kl. 13.00 – tidspunktet kan bli seinare viss få påmeldte.

Samlinga er også ope for deg som er følgeskyttar/postskyttar for ettersøksekvipasje.

Du vil få trening på raske skot, og det vert skyting på dyrefigurar på forskjellige avstandar. Vi legg opp til ein jaktsti med vendeblinkar, og på kvelden vert det mørkeskyting med hovud-/riflelykt. Knallgod trening med andre ord!
Mellom skytinga i dagslys og mørkeskytinga vert det middag og sosial samling i skyttarlagshuset med gode moglegheiter til erfaringsutveksling.
 

Påmelding må vi ha innan 18. august. Påmeldinga er bindande. Deltakaravgifta inkluderer middag.
Medlem i NJFF: 600,- Ikkje medlem i NJFF: 800,-

Ta med våpen, våpekort, rikeleg med treningsammunisjon (ca 50 skot), hodelykt/riflelykt, hørselvern, kle og sko etter været.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ettersøksutvalet v/Ann Kristin Gaare på epost

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: