Fiskeoppdrett trugar naturen
Publisert: 19. mars 2024 kl. 15.01
Sist oppdatert: 19. mars 2024 kl. 15.03
2023 var det dårlegaste laksefiskeåret nokon sinne. Antall laks som kjem inn til kysten for å gyte er meir enn halvert de siste tiåra. Den negative effekten lakseoppdrett har på naturen utanfor oppdrettsmerdane, er overveldande.
Havforskningsinstituttet lanserte i februar sin årlege risikorapport for norsk fiskeoppdrett; «Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2024»:
Verksemda råkar miljøet hardt på grunn av oppdrettsprodusert lakselus, bruk av giftige impregneringsmiddel for nøter, genetisk innblanding etter rømmingar, eit overforbruk av villfanget leppefisk og utslepp av slam og fôrrestar frå merdane - for å nemne noko.
Rapporten er dessverre deprimerande lesing. Det er likevel viktig med denne typen godt fagleg forankra kunnskap i ei tid der kunnskapsgrunnlaget stadig vert forsøkt undergreve av dei som ønsker å halde fram med ein altfor liberal bruk av naturen.
Med 62,7 millionar døde oppdrettslaks i 2023, er næringa langt frå berekraftig. I andre næringar med biologisk produksjon, ville slike tapstal vore heilt uakseptable og medført strenge reaksjonar i form av bøter og restriksjonar.
Trafikklysordninga for lakseoppdrett:
Regjeringa offentleggjorde i starten av mars kva farge dei 13 produksjonsområda skulle få. To av produksjonsområda på Vestlandet får rødt lys og må redusere produksjonskapasiteten med 6 prosent: Karmøy til Sotra (PO3) og Nordhordland til Stadt (PO4). Dette er tredje gong produksjonskapasiteten må reduserast i PO4, og andre gong produksjonskapasiteten må reduserast i PO3.
NJFF Sogn og Fjordane ser på Trafikklysordninga, som eit «føre var» forvaltningstiltak, inntil oppdrettsnæringa får kontroll på lakselusproblemet.
NJFF Sogn og Fjordane meiner derfor at det er svært viktig av Trafikklysordninga blir handheva konsekvent og etter intensjonane.
Opa drift er katastrofalt for naturen
Opne merdar er verken dyrevelferdsmessig eller miljømessig berekraftig. Denne gamle teknologien må snarast fasast ut. Ny teknologi der ein har eit totalt fysisk skilje mellom oppdrettsfisken og naturen utanfor merdane, må takast i bruk. I tillegg til oppdrett av laks og regnbogeaure, vert torskeoppdrett lansert som det neste «oppdrettseventyret». Dersom vi aksepterer at torskeoppdrett får vekse så uhemma som vi gjorde med lakseoppdrett, kan konsekvensane bli svært dramatiske for kysttorsken. Norsk natur toler ikkje ei uhemma etablering av ny oppdrettsindustri der det ikkje vert stilt krav om ei reell miljømessig berekraftig drift: Oppdrett av torsk må skje i landbaserte anlegg.
Vi har rydda opp ein gang før
På 70-tallet var utslepp frå den landbaserte industrien ei stor belastning som medførte øydelagt natur og helsefare for befolkninga. Til slutt var det så ille at politikarane tok grep, og fekk avslutta dette mørke kapittelet i industriens historie. Det skjedde fordi modige politikarar stilte strenge krav og nytta dei verkemidlane dei hadde; lovverk og politiske føringar.
Det er det same vi ber om no, men denne gangen er det viktig å stoppe dei negative miljøeffektane frå fiskeoppdrettsindustrien.
Dersom vi ønsker at den ville atlantiske laksen, sjøauren og kysttorsken skal overleve i framtida, er vi avhengige av gode politiske føringar for næringa. Vi har behov for modige kommunar og lokalpolitikarar som set på bremsene når industrien påfører miljøet og fisken store belastningar. Overgangen frå tradisjonelle opne merdar til lukka teknologi er den openberre løysninga, og det må skje raskt.
NJFF Sogn og Fjordane krev at
- kommunane må stille konkrete krav om miljømessig forsvarleg drift;
- Nullutslepp av avfall
- Sterk reduksjon i talet på lakselus. Trafikklysordninga må handhevast konsekvent
- Sterk reduksjon i tallet på død fisk i merdene.
- Hindre av rømmingar
- Nullutslepp av miljøskadelege stoff,
før dei aksepterer ny oppdrettsverksemd i sine sjø- og fjordområde
- fylket må lage en regional plan for sjøområda slik at den samla belastninga frå oppdrettsnæringa ikkje blir for stor i enkeltområder
- all videre vekst i næringa, både nye i anlegg og utviding av eksisterande anlegg, må skje ved bruk av lukka teknologi
- alle eksisterande oppdrettsanlegg må innan 2030 være fasa over til lukka løysingar, eller overført til landbaserte anlegg