Foreningsprisen til Årdal jff

Publisert: 15. november 2024 kl. 16.08

Årdal jeger- og fiskerforening mottok foreningsprisen på NJFF sitt landsmøte 15-17.november 2024.

Årdal jff har i ei årrekke engasjert seg for blant anna Årdalsvassdraget og har jobba møysommeleg med å få Hydro til å ta omsyn til fisken i vassdraget. Dei har arbeidd kontinuerlig i over 20 år for å oppnå ein aksept frå både statsforvaltar, kommune og Hydro.

På kommunen sitt ynskje har laget tatt initiativ til samla plan for forvaltning av fiskeressursane i vassdraget. Dei har vore med i referansegruppe for tiltaksplan for Utla, Storelva og Tya, saman med NVE, fylkesmannen, kommunen og Hydro.

Årdal jff har engasjert seg i kommunen sine arealplanar, planarbeid for Mannsberg Skiferbrot og vore ein samarbeidspart for kommunen vedrørande viltforvaltning, fiskeforvaltning og naturforvaltning.

 

Laget har lagt ned mykje arbeid for å verne om villreinen sitt leveområde. Dette gjer dei også fordi villreinen er arealkrevjande og bevarar då andre artar også. Tidlegare i år tok Årdal jff initiativ til informasjonsmøte der dei også inviterte politikarane slik at dei kunne få informasjon om konsekvensar av vindindustri i villreinområdet.

Årdal jff markerar seg som eit synleg lag med mykje engasjement og tar ansvar.  

Omdømmebygging

Årdal jff legg bevisst vekt på 4 ting i alt sitt arbeid, og bygger visjonen til NJFF (Jakt- og fiskeglede til alle – for alltid) med desse 4 punkta:

  • Haustingsbasert overskot av vilt og fisk
  • Tilgang til jakt og fiske ved avtale med grunneigarar
  • Opptrer på ein slik måte at ein beheld avtalane
  • Skape godt omdømme ved å bidra på samfunnsnyttige tiltak som ein kombinasjon av alle brukarar av naturen.

Årdal jff har tilrettelagt godt for alle med sti og benkar langs elva, denne blir mykje brukt av innbyggarane i Årdal. Dei har også laga trapp ned til ei øy midt i elva som blir brukt som rekreasjonsområde. Laget har tilrettelagt for friluftsliv, opplæring og aktivitetar for innbyggarane i Årdal med gapahuk, heva kvaliteten ved Holsbruvatnet med tilretteleggingstiltak. 

Årdal jff driv også klekkeri med årleg 5.000 laks, 10.000 sjøaure og 30.000 fjellaure.

Årdal jff oppretta og driv ettersøksringen i Årdal, og har alle kommunale ettersøk og for grunneigarar i Årdal og Lærdal kommunar.

 

 

Årdal jff har klubbhus – Utlastova
- Faste klubbkveldar kvar måndag – ein god arena for sosialt fellesskap

- Utleige av toalett i sommarsesongen

- Utleige til selskap for innbyggarane i kommunen

 

Årdal jff har eit godt samarbeid med andre organisasjonar. Tidlegare betalte 4H medlemskap i Årdal jff for alle sine medlemer. Dei samarbeider også med turlaget og Friluftsliv tilrettelagt for utviklingshemma FTU Årdal. Hjå sistnemnde har dei årleg aktivitet og tilrettelagt fiskesti. Dei samarbeider med kyrkja ved å ta 4 klassingar og presten med ut på fisketur.

 

Årdal jff har bygd 11 hytter i fjella i kommunen, desse vert leigd ut på inatur.

Laget sel jaktkort på småvilt i eit 400.000 dekar stort område, nesten halve kommunen.

Dei har hjortejakt på to ulike områder med 8 + 6 hjorteløyver.

Årdal jff sel kort for innlandsfiske og anandrom fisk for medlemer og andre. Årdal jff har ca 12 km lang elvestrekke med laks- og sjøaurevald, samt fiskekort i over 30 fjellvatn.

Totalt har dei avtale med 26 grunneigarar.

Årdal jff har særs stor dugnadsånd. Berre klekkeriet tar 1.400 timar i året. Vedlikehald og bygging av hytter, rydding langs elva, møter, lagskveldar og aktivitetar tar ca .3000 timar. Årleg arrangerer dei dugnadsfest for medlemer og samarbeidspartar som grunneigarar.

Årdal jff syter for at også grunneigarar sit att med godt omdømme og at dei føler dei bidreg med noko positivt.