Hund til nytte og glede?
Publisert: 29. august 2024 kl. 07.37
Sist oppdatert: 29. august 2024 kl. 07.38
Ein gong i vår fjerne fortid danna ulven og mennesket ein allianse. Vi kan ikkje seie med sikkerheit kvar, når, kvifor eller korleis det skjedde, men ulven vart til hund og menneska fekk ein trufast følgesven.
Det har vore fleire studie og DNA-analyser for å finne ut når og korleis dette skjedde. I den ytterste skalaen har forskarar gjort funn som tyder på at hund kan ha blitt tam allereie for 135.000 år sidan. Dei fleste teoriane foreslår at hundar vart tamme for ein gong mellom 40 000 og 11 000 år sidan (kjelde: forskning.no).
Ulven og mennesket liknar kvarandre, begge artar er eit flokkdyr som lev i familiegrupper. Både ulv og menneske er avhengige av kompliserte kommunikasjonssystem for å kunne samarbeide, og begge er i stand til å knytte sterke sosiale band. Dette gav eit godt grunnlag for sameksistens. Hunden hadde ein nytteverdi for mennesket, som blant anna ein støttespelar under jakt og på ulike måtar varsla om fare. Arkeologar og antropologar har vist at det ikkje er eit nytt fenomen for menneske å halde kjæledyr, så ein kan ikkje sjå vekk ifrå at opphavet til det som skulle bli menneskets beste ven, også tidleg viste eit selskapeleg potensial som vart verdsett.
Dette viser at mennesket og hunden har levd saman i svært lang tid. Likevel opplever ein i dag at mange har negative koplingar til hund, og fridomen til hundeeigar vert meir og meir innskrenka. Dette ser vi spesielt her på Vestlandet. Kvifor er det slik?
Å ha kjæledyr har mange helsemessige gevinstar, både fysisk og psykisk. Sjå eige innfelt for dømer på helsemessige gevinstar.
I tillegg til mental og fysisk helsegevinst kan hunden vere til stor nytteverdi på andre områder. Vi har til dømes førarhundar, servicehundar, redningshundar, politihundar, ettersøkshundar, jakthundar, gjeterhundar med fleire. Desse gjer i tillegg ein naudsynt og god jobb i samfunnet.
Norges Jeger- og Fiskerforbund har fleire instruktørtypar og kurs innan hund; aversjonsdressur (for å få sauereine hundar), ettersøk og jakthunddressur, samt generelle kompetansehevande kurs på hund. I tillegg har Norsk Kennelklubb (NKK) og klubbane som ligg under NKK svært mange hundekurs.
Det er over ein halv million bruks- og selskapshundar i Noreg. NKK registrerer fleire og fleire hundar i sitt system, og det er viktig at både samfunnet legg til rette for at folk kan drive med hund, og viktig at hundeeigarar er ansvarlege for sitt hundehald.
Dyrevelferdslova seier at dyr har eigenverdi, uavhengig av den nytteverdien dei måtte ha for menneske. Dyr skal behandlast godt og beskyttast mot fare for unødige påkjenningar og belastningar. Den seier vidare at dyr skal haldast i miljø som gjev god velferd ut frå artstypiske og individuelle behov, herunder gje moglegheit for stimulerande aktivitetar, bevegelse, kvile og anna naturleg adferd.
Når ein går tur med hund i band kan det vere overraskande kor mykje glede og lukke ein hund viser når ein tar av bandet! Ein hund får ofte auka livskvalitet ved å kunne gå laus. Ein hund som heile sitt liv lev i band, lærer ikkje sosial omgang med andre hundar og menneske så godt, ein lærer ikkje å regulere kontakta si med omverda og vert lettare stressa og utrygg.
Det er likevel ikkje alltid ein kan gå med hunden laus, og det passar heller ikkje alle hundar.
Dei av oss som har hund må også respektere at ikkje alle andre nødvendigvis er like glad i hund. Det at ein laus hund, eller hund i eit "for langt bånd", tek kontakt med ein person som ikkje likar eller er redd for hund – kan opplevast som uhyggeleg og frykta for hund kan bli forsterka.
Ein skal også ta omsyn til husdyr som er ute på beite i utmarka. I dag er det ein generell bandtvang frå 1. april til 20. august for å hindre at hund jagar eller skadar husdyr, vilt, viltets egg, reir og bo. Dei fleste artar får avkom på vårparten og er derfor ekstra sårbare i denne perioden. Det er viktig at alle hundeeigarar rettar seg etter denne båndtvangsbestemmelsen, uansett kva hund ein har. Dette gjeld også om hunden ikkje har nokon interesse i å jage husdyr, t.d. har mange fuglar reira sine på bakken og den «snillaste vesle Fido» kan ha eit jaktinstinkt når sjansen skulle dukke opp. Bandtvangen gjeld også i sitt eige tun, ikkje berre i utmark.
Hundehald møter i dag aukande motstand mange stader, spesielt i våre områder. Denne utviklinga går imot prinsippa for eit godt hundehald. Det blir gjerne argumentert med at hundeeigarar ikkje følgjer bandtvangstida, at det er husdyr ute på beite og at folk er redde hundar. Det har og blitt argumentert med at ein laus hund i skogen er det mest ureinande ein kan ha i naturen. I følgje hundelova har ein ikkje lov til å utvide bandtvangen på generelt grunnlag, og det skal ikkje skje i større grad enn det er nødvendig.
Det bør bli enklare og ikkje vanskelegare å ha hund i Noreg. I staden for å innføre utvida bandtvang i heile kommunen, bør ein differensiere restriksjonane innad i kommunen, og innføre utvida bandtvang der ein ser det som naudsynt. Friområder for lufting og trening må ikkje bli ein unnskyldning for utvida bandtvang.
Til slutt vil vi oppmode hundeeigarar til å bli flinkare til å overhalde bandtvangsbestemmelsane i hundelova. Hundeeigarane må også bli finkare til å ta omsyn til andre med å ta vekk hundeskit frå vegen / stien / løypa. Ein må vise respekt for andre som skal ferdast i det same området.
Ein vil samstundes oppfordre om at det blir sett opp fleire bosstativ i dei områda ein veit at mange luftar hundane sine.
NJFF Sogn og Fjordane ynskjer at dei som vil drive med hund, på ulikt nivå, skal kunne få gjere dette på ein måte som gir betre helse og livsglede, for både hund og folk – men ynskjer at dette kan skje i eit godt samspel med dei i samfunnet som nødvendigvis ikkje er like glad i hund.
Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane
Jan Bjarte Skrøppa, Rune Olsbø og Reidun Solberg Seim
Denne artikkelen vart skriven for eit par år sidan, men er like høgaktuell i dag.
I fylgje amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) kan det å ha kjæledyr blant anna redusere blodtrykket, kolesterolet og triglyseridnivåa, samt føre til ein føler seg mindre einsam. Å ha kjæledyr aukar og moglegheitene for trening og utandørs aktivitet, spesielt det å ha hund gjev meir fysisk aktivitet. På helsenorge.no kan ein lese at fysisk aktivitet fremmer god helse, gjev betre humør og søvn, meir energi og reduserer stress. Fysisk aktivitet kan forebygge enkelte psykiske plager og effekten av regelmessig fysisk aktivitet som førebyggings- og behandlingsmetode er godt dokumentert. Fysisk aktivitet er viktig for å ta vare på og gjere den psykiske og fysiske helsa betre.
Studier har også synt at kjæledyr i seg sjølv kan ha ein markant direkte innverknad på puls og blodtrykk når eigaren er under stress.
Forskarar frå universitetet i Uppsala i Sverige har studert samanhengen mellom det å eige hund og førekomsten av hjarte- og karsjukdommar. Studien syner at hundeeigarar har lågare risiko for å døy av hjartesjukdomar enn folk som ikkje har hund. Å vere einsleg har tidlegare vore sett på som ein risikofaktor, og det kan verke som at hund kan nøytralisere den faktoren seier Tove Falle, veterinær og dosent i epidemiologi ved Uppsala universitetet. Forskarane i Uppsala har også funne ut at hunden kan bidra psykososialt ved at hundeeigarar kjenner seg betre og er gladare. Hunden kan også ha gunstig verknad på bakteriefloraen til menneska i huset (3,4 mill. svensker i alderen 40-80 år deltok i denne undersøkinga).
I ei anna undersøking rapporterte 70% av familiane at familiegleda auka etter at dei skaffa seg kjæledyr. Det finst endå fleire positive verknader med å ha hund og kjæledyr.
Alt dette gjev mange gode helsegevinstar for enkeltmenneske, men det gir også mindre samfunnsmessige belastningar. Hundehald gjev også arbeidsplassar og bidrag til økonomien; veterinærtenester, utstyr, utstillingar, konkurransar, prøver etc.