
Noregs største ettersøksseminar
Publisert: 12. februar 2025 kl. 19.53
7-9. mars går Noregs største ettersøksseminar av stabelen på Skei i Jølster!
Det er NJFF Sogn og Fjordane og NJFF Hordaland som står som arrangørar, og vi gler oss stort til å ynskje velkomen til ei helg som vi trur vil vere svært lærerik og god arena for å utveksle erfaringar og bli kjent med likesinna.
Påmeldingsfrist 28. februar til: https://pamelding.njff.no/register/#/Ettersoksseminar2025_19122024065449
Kontaktpersonar:
Ann Kristin Gaare, 4120059, annkristin@njffsognogfjordane.no
Terje Wangsholm, 41445768, hordaland@njff.no
Linelåsen, Våpenloftet og Norsk Sweisshundklubb kjem med stand med relevant utstyr på seminaret.
PROGRAM FREDAG 7. MARS
Kl 19.00 Registrering
Kl. 20.00 Middag og sosialt
Vi har reservert eit eiga område i lobbyen slik at du får “mingle” i lag med dei andre som skal på seminaret.
PROGRAM LAURDAG 8. MARS
Kl. 09.00 – 09.20 Registrering nye deltakarar
Kl. 09.30 - 10.00 Velkomen og informasjon
Kl. 10.00 – 12.00 Hunden og trening. Kvifor gjer hunden som den gjer?
Genetikk, innlært adferd og erfaring.
Kva seier nyare forsking. Korleis kan vi utnytte det som bur i jakthunden for å få den beste ettersøkshunden.
Ved Hilde Ulvatne Martinsen, Dagleg leiar Hamar Hundeskole AS
Martinsen er forskar og brukar metodar som er basert på vitenskap. Ho har vore hundeinstruktør sidan 1991 og er ansvarleg for konkurransekursa på Hamar Hundeskole, i tillegg til trening av hundar med åtferd som eigaren finn problematisk
Kl. 12.00 - 13.00 Lunsj
Kl. 13.00 - 17.00 Ettersøksmetodikk
ved Torkel Norling
Norling er profesjonell ettersøksjeger i Sverige og er i jakthunds-komiteen i Svenska Kennelklubben, og i fleire arbeidsgrupper retta mot ettersøk. Han har gjennom fleire år jobba med å samanlikne ettersøksmetodikk, både når det gjeld avl, hundetrening og taktikk, og intervjua nokre av dei mest suksessfulle ettersøksjegerar. Resultatet presenterer han i boka «Betre eftersök».
Kl. 19.00 Middag og sosialt
PROGRAM SØNDAG 9. MARS
Kl. 09.00 - 10.30 Mattilsynet sitt høyringsinnspel til ny viltressurslov
Dyrevelferd i samanheng med ettersøk
Krav til viltbehandlingsanlegg
Bruk av skarp hund på ettersøk sett i dyrevelferdsperspektiv
Ved Brede Seim, Mattilsynet.
Mattilsynet er departementets utøvande organ knytt til dyrehelse og dyrevelferd. Dei bidreg mellom anna til utvikling av regelverk.
Kl. 10.30 - 10.45 Pause
Kl. 10.45 - 11.30 Lovverk og reglar som innverkar på offentlege ettersøk
Krav til kommunane og krav til dei offentlege ettersøksjegerane
Ved Dag Bjerkestrand, Averøy kommune
Bjerkestrand er ein erfaren ettersøksjeger og jobbar som skogbrukssjef og miljøvernleiar i Averøy kommune
Kl. 11.30 - 12.30 Lunsj
Kl. 12.30 - 13.30 Praktiske løysingar kring organisering av ettersøk i kommunane
Ulike måtar å organisere på, fordelar og ulemper. Døme på korleis dette er løyst i Averøy. Tankar om framtida for offentlege ettersøk.
Ved Dag Bjerkestrand, Averøy kommune
Kl. 13.30 - 13.45 Pause
Kl. 13.45 - 14.30 Korleis er varsling ved viltulukker, og evt. planar om endra rutinar
Korleis kan politiet hjelpe og trygge ettersøksjegeren på oppdrag
Kan vi som ettersøksjegere bidra til betre dialog med politiet?
Ved Dag Fiske, Vest politidistrikt
Kl. 14.30 – 14.45 Pause
KL 14.45 – 15.30 Diskusjonstime og erfaringsutveksling
Dei vanskelege ettersøka
Kl. 15.30 Oppsummering og avslutning