Nytt styre i NJFF Sogn og Fjordane

Publisert: 29. mars 2025 kl. 21.08

Sist oppdatert: 29. mars 2025 kl. 21.59

NJFF Sogn og Fjordane hadde årsmøte og tillitsvalgtsamling i helga. 
27 røysteføre delegatar og 4 gjester møtte. Lokallaga som var presentert på årsmøtet var Aurland jfl, Balestrand jfl, Eid jfl, Flora jff, Førde jfl, Gaular jfl, Gloppen jfl, Hyen jfl , Hyllestad jfl, Jølster jff, Leikanger jfl og Stryn jfl. Veldig gledeleg at så mange lokallag møtte!


Nytt styre
Fagansvarleg fisk Jøran Henriksen og vara Henning Haugholt hadde sagt frå seg attval. Valnemnda hadde innstilt Jon Fossheim frå Gloppen jfl som ny fagansvarleg fisk og Ingrid Leknes Nygård frå Førde jfl som ny vara, og desse vart einstemmig valgt inn på årsmøtet. Dei andre styremedlemene vart attvald. 

Leiar: Håkon Huseklepp, Førde jfl 
Nestleiar: Terje Stavø Johansen, Flora jff
Økonomiansvarleg: Renate Dahl Gjelsvik, Førde jfl 
Kvinnekontakt: Torunn, Rygg, Førde jfl
Barne- og ungdomsansvarleg: Jan Erik Søreide, Hyllestad jfl 
Fagansvarleg Fisk: Jon Fossheim, Gloppen jfl 
Fagansvarleg vilt: Bjørnar Eikenes, Gloppen jfl
1. vara: Ingrid Leknes Nygård, Førde jfl 
2. vara: Frode Ølmheim, Leikanger jfl 


Sosial samankomst, erfaringsutveksling og jakt- og fiskeglede

Leiar og nestleiar losa forsamlinga stødig gjennom årsmøtet, etterfulgt av ein engasjert Runar Høgfoss frå Høgfoss og Fallan jaktfilmer som viste mange fine og morosame videoklipp. Kvelden vart avslutta med middag og sosialt.
Laurdag starta med nytt frå NJFF ved forbundsstyremedlem Alf Erik Røyrvik. 
Susanne Lillestøl Paulsen frå Gaular jfl fortalde om reetableringa av Gaular jfl som dei held på med, og Jan Erik Bjørnsen Søreide og Henning Skjalg Fureli fortalde om erfaringar frå Hyllestad jfl. 
Deltakarane vart så delt i grupper der dei diskuterte seg fram til utfordringar og løysingar for å arrangere aktivitetar i lokallaga, desse vart presentert og diskutert etterpå. 

Dagen avslutta med Friluftslivets år, først eit innlegg frå psykolog Per Steinar Melås som snakka om jakt, fiske og friluftsliv og psykisk helse. Sigrid Henjum avslutta dagen med tips til turmat og mat på bål. 

Det var engasjerande og motiverande forelesarar, vi ynskjer å takke alle saman, også til deltakarane som gjorde samlinga til ein hyggeleg samankomst!

styret, utvalsleiarar og regionsekretær takk a for sin innsats på årsmøtet
Det nye styret i NJFF Sogn og Fjordane_manglar Ingrid Leknes Nygård
Susanne Paulsen frå Gaular jfl
Gaular jfl og Hyllestad jfl
Hyllestad jfl
Høgfoss og Fallan Jaktfilmer
Sigrid Henjum
Utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
utemat
nytt fra njff