Axel Nielsen og Torbjørn Leknes vinnere i Sogn og Fjordane Cup 2024.
Vinnarane kan samanliknast med god vin. Dei blir berre betre med åra. Axel vart suveren vinnar av serien, medan Torbjørn vart cupmeister med 25 treff i finalen.
Publisert: 19. august 2024 kl. 15.23
13 skyttere møtte opp til årets siste konkurransehelg i Skorva. Det vart arrangert 100 skots kombinertstevne både laurdag og søndag før finalen vart avvikla søndag ettermiddag. I vedlagte lenker ligg resultata for stevna der 2 første serier var teljande i kvalifiseringa til Sogn og Fjordane Cup.
Axel Nielsen vart som nevnt suveren vinnar med 238 poeng på sine 5 beste konkurranser. På andreplass finn vi klubbkamerat Arild Gangdal med 233 poeng framfor Magnar Leknes og Rune Knappskog med 231 poeng.
Alle kvalifiserigsresulta i serien finn du her: Seriemesterskapet 2024
11 skyttere var kvalifiserte til Sogn og Fjordane Cup 2024 og av desse møtte 9 skyttere til finale. Torbjørn var feilfri og sikra seg eit napp i vandrepokalen for cupvinnerane. Arild Gangdal og Rune Knappskog var nærast vinnaren med 24 treff, men måtte nøye seg med å skyte om førstepremien i A/B-klassen. Omskytinga vart ei lang historie der ingen ville gi seg, men tilslutt kunne Rune Knappskog innkassere førstepremien i klassen.
Klassevinnerane og øvrige resultat under.
Klasse A/B
1. premie | Rune Knappskog, Askvoll JFL | 24eeo |
2. premie | Arild Gangdal, Eid JFL | 24eeo |
3. premie | Håkon Ekornrud, Askvoll JFL | 23 |
Magnar Leknes, Askvoll JFL | 20 |
Klasse C
1. premie | Magnar Hatlenes, Eid JFL | 20 |
Madeleine Knappskog | 15 |
Klasse D1
1. premie | Noah Sævik, Herøy og Sande JFF | 23 |
Klasse E1/E2
1. premie | Torbjørn Leknes, Askvoll JFL | 25 |
Axel Nielsen, Eid JFL | 23 |