Arild Grytten og Ståle Midtlid under NM Nordisk Trap 2022. Begge var nylig invitert med på landskamp og hadde motteke landslagcapsen.

Arild Grytten vant landskampen i Danmark

Arild er Nordisk mester i Nordisk trap. Vi skreiv før helga at Arild er i det øvste sjiktet i Norge. Dette korrigerast herved til beste trapleirdueskyttar i Skandinavia.

Publisert: 27. august 2023 kl. 16.54

Sist oppdatert: 27. august 2023 kl. 17.23

Arild leia konkurransen med 147 treff av 150 mogelege etter innleiande runder, saman med to andre nordmenn. I finalen var han den einaste som skaut fullt og kunne sleppe jubelen laus. Flott revansj etter landskampen for to år sidan, der det enda med ein litt sur fjerde plass, etter å ha leia heile vegen fram til finalen.

Dette er det gjevaste ein kan oppnå som Nordisk traputøvar, og set verkeleg vesle Askvoll leirdueklubb på kartet. Klubb- og klubbkameratar gratulerer stolt med fantastisk innsats og seier. Dette fortjente du!

Gratulasjonar rettast også til resten av det norske landslaget, og ikkje minst våre naboar frå Hordaland og Møre som presterte på høgt nivå. Espen Luka var med på finalelaget. Bjarte Linga og Stian Hoff var kun eit treff frå finaleplass, men vann laggull for Norge ilag med Arild. Ståle Midtlid utmerka seg med sølv i klasse V60.

Resultater

Resultater lagskyting.

Landskampen