2024 Fiske i Aurlandselva

SØKNADSFRIST for å tinge fiskedagar: Aurland jakt og fiskelag tilbyr fiske etter sjøaure i fem fiskesoner i Aurlandselva i tidsrommet frå 10. juli til og med 31. august. Lovleg fiskereiskap er fluge og mark. Ved markfiske skal det brukast splitt eller kulehagl. Andre søkke og bruk av dupp er forbode.

Publisert: 17. april 2024 kl. 15.55

Sist oppdatert: 17. april 2024 kl. 16.08

Søknadsfrist for å tinge fiskedagar for sesongen 2024 vert 15. mai, med tildeling medio juni.

Det er sesongkvote på fire aurar per fiskar, og døgnkvote på ein sjøaure per fiskar. All fisk over tre kilo (60 centimeter) er freda, og skal setjast attende i elva ved fanging. Minstemål er 35 cm. Laksen er freda. Laks som vert fanga skal handsamast varsamt, og setjast attende i elva. Det same gjeld sjøaure som skal setjast attende. Når kvoten med sjøaure, døgn eller sesong, er fylt opp skal fisket avsluttast.

I alle soner (nr.3, 4, 6 og 7) unnateke sone 1., er det mogleg å løyse to fiskekort slik at to kan fiske saman/samstundes. Fangstavgrensinga gjeld per kort. Det er den som får tildelt sona som avgjer om ekstrakort skal løysast. Ønskje om kjøp av to kort må meldast i søknad. Kort nr. 2 har same pris som hovudkort. Sone 6 og sone 4 strekk seg frå kvar sin kant på området til Lunde Camping. Ta omsyn til campinggjestane. Det skal ikkje parkerast på eller ved campingplassen. Tilkomst skal skje frå sone 6 og sone 4.

Prisar 2024

sone 1 (banken) kr. 250,-.

Sone 3 (Langehølen). kr. 300,- for medlemar/ kr. 400,- for ikkje medlemar.

Sone 4 (Tjorøyna). kr. 300,-/ 400,-

Sone 6 (Klepphølen). Kr. 250,-/ kr. 350,-

Sone 7 (Prestøyna).Kr. 250,- kr./ 350- (gjeld i juli månad)

Sone 7. (Prestøyna)Kr. 300,-/ kr. 400,- (gjeld i august månad).

Minstevassføringa i Aurlandselva er i hovudsesongen 30 kubikk per sek. Regulanten har høve til å starte nedtrapping av vassføring frå 15. august. Nedtrappinga skjer gradvis, men for fiskarane er det greitt å vere merksame på at vassføringa frå denne datoen mest truleg vert gradvis mindre fram mot fiskeslutt. Hugs fangstmelding og skjellprøvetaking. Desse kan etter avslutta fiske leggjast i postkassar oppsett i fiskesonene eller eventuelt sendast til Arne Veum, Ytstebøen 5, 5745 Aurland. Epost kan også nyttast, sjå adresse under. Siste frist for rapportering vert 10. september 2024. Merk at fangstrapportane skal leverast til Aurland jakt og fiskelag, sjølv om ein også melder fangst via nettsida til elveguiden.no. Rydd opp etter deg og ta med alt boss når du er ferdig med fisket. Vis respekt for reglane som gjeld i elva. Det vil verte utført oppsyn, og brot på reglar vil kunne medføre bortvising. Den statlege fiskeavgifta skal vere betalt før fisket startar, og kunne visast fram ved kontroll. Søknad om fiskekort kan sendast til; arne@aurlendingen.no Eventuelt kan søknad sendast AJF Elveutvalet V/Arne Veum, Ytstebøen 5, 5745 Aurland.

 

Meir info; kontakt Arne Veum, 99 56 76 09 eller Harald Skjerdal, tlf: 478 74 374.

Etter hovudtildeling vert ledige fiskekort lagde ut for sal ved Borlaug Sport på Aurlandsvangen. Dette skjer vanlegvis rundt fiskestart.

Dersom fleire søkjer på same datoar og tidsrom så vil medlemar av laget verte prioritert. Det er såleis ein fordel å teikne medlemsskap i Aurland jakt og fiskelag. Dette kan gjerast via heimesida til Norges Jeger- og fiskeforbund.

For dykk som ønskjer å fiske mange døger er det også ein fordel å spreie søknadane over eit større tidsrom.

Helsing

Aurland jakt og fiskelag

Arne Veum