Vekeskort i Aurlandselva

Sommar 2024

Publisert: 09. juli 2024 kl. 13.57

Sist oppdatert: 10. juli 2024 kl. 11.33

Informasjon om vekeskort i Aurlandselva

Kortet kan kjøpast ved Borlaug Sport ( i butikken si opningstid) for  kr. 250 i perioden frå 10.07.24 til 16.7.24 til kl. 12.00.

Det er same reglar knytt til veksekortet som for døgnkort. Det er lov å ta opp ein aure per døger. Fisk over 3 kilo (ca 60 cm) skal setjast ut att i elva. Set deg inn i reglane elles. I alle soner, unnateke sone 1, kan to fiske samstundes. Dersom fleire ønskjer å fiske i same sona, så skal det praktiserast ei køordning der den som fiskar slepp andre til når hølen eller strekket er fiska i gjennom. Når veka er omme summerer du fangst med dato/sone og sender til Arne Veum, Ytstebøen  5, 5745 Aurland eller til arne@aurlendingen.no. Fangsrapportar kan også leggjast i postkassar i dei sonene slike er hengde opp. Rapporter også fisk som vert sett ut att.  

Aurland jakt og fiskelag

elveutvalet