Fisketur for jenter i Grøndalen

Publisert: 21. mai 2024 kl. 14.55

Stad: Grøndalsvatnet i Norddalsfjorden, Kinn kommune.

Dato: 28.-29. juni.

FINN kart - en ledende norsk karttjeneste

Påmelding her: https://www.njff.no/sogn-og-fjordane/aktivitetskalender/fisketur-for-jenter-til-grondalen

 

Bli med på jentetur til Grøndalsvatnet, med overnatting frå fredag til laurdag! Vi skal fiske etter ørret, lage god mat og ha triveleg selskap rundt bålet! Jenter i alle aldrar er velkomne til å vere med.

Grøndalsvatnet ligg innerst i Norddalsfjorden, i tidlegare Flora kommune. Vatnet har ein fin og rikeleg bestand av ørret. Du kan køyre heilt fram til der vi skal ha fiskecampen vår. Her kan du overnatte i telt, lavo eller i hengekøye. Dersom du treng tak over hovudet kan du ev. overnatte i eit koseleg, lite hus ved Sunndalsvatnet, ligg lenger framme i dalen. Der er det også dusj og toalett.

Ta med deg sovepose, liggeunderlag, ev. eige telt, hengekøye, fiskestang. Myggnetting er sikkert lurt å ha med! Vi ordnar middag/kvelds og frukost og lunsjmat til dagen etter. Kontakt oss om det er allergiar vi må ta omsyn til. Ta med eige drikke/snop. Vil du ha med fisk heim er det sikkert lurt å ta med ein kjølebag.

Oppmøte fredag frå kl. 17.00. (heilt greitt å kome seinare). Vi avsluttar i 15-tida laurdag.

Deltakarpris medlem: 250,- 

Deltakarpris ikkje medlem: 450,-

Deltakaravgift er inkludert mat og fiskekort.

 

Kontaktperson: Torunn Rygg, torunnrygg@hotmail.com , tlf. 90565227

Påmeldingsfrist: 14. juni

 

Arr. Jenteutvalet, NJFF Sogn og Fjordane i samarbeid med Flora Jeger og Fiskerforening.