Treningsområde for fuglehundar på Gaularfjellet
I tidsrommet 15.10 - 31.03
NB! Jaktforbod! Kun trening er tillate, ikkje jakt.
Treningskort kjøper du her:
Dagskort
Ta vare på stadfestinga som du får på sms og e-post, denne må du ta med deg når du trenar.
Ved manglande betaling av treningsavgift og andre regelbrot, gjeld utestenging frå fuglehundutvalet sine tilbod, inkl. Gaularfjellprøven. Utover dette, viser vi til lovverket.
Det vert solgt dagskort og sesongkort.
Klubbar kan om det er ledig, leige området for arrangement. Ta kontakt med leiar i fuglehundutvalet om de vil leige. Minstepris er kr 3.000 og gjeld for inntil 2 dagar. Kr. 1500 per dag utover 2 dagar. Dersom deltakarar på arrangement trenar utover arrangementsdagane, må ein kjøpe treningskort.
Kart over treningsområdet:
Kart treningsområde Gaularfjellet
Det er viktig at alle hundeeigarar ryddar opp etter seg i terrenget og brukar trekasser som er sett ut for hundeposar. Hundeskit i spor og på/ved parkeringsplassen må plukkast opp og leggast i trekassa.
Vi har lagt opp til stor grad av tillit i bruken av terrenget, og ber difor brukarane om å lese spesielt nøye bruk og betalingsrutiner. Desse er å finne ved informasjonstavle ca. 200 m. vest for Langestølen.
Langestølen / Torsnesstølen er ein del av eit forvaltningsprosjekt i regi av Fuglehundutvalet NJFF- Sogn og Fjordane. Vi driv aktiv predatorkontoll, med fangst av mår, og årleg taksering av rype/skogsfuglbestanden i terrenget.
Dersom du er interessert i å delta i fellerøkting, ta kontakt.
Kontaktperson for treningsområdet: Adele Haaland , 97075874
Overnatting Gaularfjellet:
Hov Hyttegrend: ved opprop. 3 hytter med vatn på vinterstid, elles brukar ein servicebygget. |
Tuftegården ca. 20 km til opprop. 41500823 / linda.oppedal@tuftegarden.no. 3 utleigehus med 6 sengeplassar i kvar. Kr 2500/pr døgn, minimum 2 døgn leige. Inkluderer sengetøy, handkle og utvask. Hundar må vere i bur innendørs. |
Sande Kro & Hotell. ca. 33 km til opprop. 57718051 / post@sandehotel.no. |
Flatheim Friluftsgard på Gaularfjellet. NB! Ingen hundar inne. |
Marianne og Magne Hoff. 1 hytte i Hoff/Hov. 95926830 |
Magne Viken, hytter sentrum i Viksdalen. 91517520 |
|
Catering og servering på Gaularfjellet
Treng de mat /catering i høve fuglehundtrening på Gaularfjellet så kan Eldalstunet hjelpe. Dei tilbyr frukostservering med moglegheit for å lage niste og fylle termos. Også middagsservering med skjenkeløyve tilbyr dei. Ring på førehand, dei har ikkje ordinær opningstid om vinteren, enklast om det er fleire i følgje.