Fiske frå båt i Jølstravatnet

  • Fra:
    05.06.2024 kl. 05.00
  • Til:
    15.09.2024 kl. 05.00
  • Varighet:
    Båten er tilgjengeleg frå 5. juni til 15. september
  • Sted:
    Sanddalen
  • Pris:
    Medl: 0,- / Ikke medl: 300,-
  • Arrangør:

Jølster Jeger- og fiskarforeining har to robåtar til utleige. Ein båt på Svidalsneset som vert klar til flytegarnfisket og ein i Sanddalen på sørsida av Jølstravatnet.
Er du medlem i Jølster JFF betaler du ikkje leige, men du må hugse å booke tidspunkt.

Båtane kan nyttast til fiske både med stang og oter. 
Hugs å kjøpe fiskekort.

Booking av båten i Sanddalen gjer du her: Båtleige Sanddalen

Booking av båt og flytegarnfisket på Svidalsneset gjer du her: Flytegarn og båtleige Svidalsneset

Booking av "NJFF-båten" som ligg på Kjøsnes gjer du her: minebaater.no

Når du bookar ein av båtane, mottek du ein e-post med stadfesting og koden til låsen på båten. Hugs å bestille båten i riktig tidsrom. Båten bookar du for eit døgn.

Reglar for bruk av båtane til JJFF

  1. Koden til låsen skal aldri opplysast til andre.
  2. Det er 16 års aldersgrense for bestilling og bruk av båt.
  3. Båten skal bestillast før du nytter den.
  4. Båten skal berre nyttast i bestilt tidsrom. Hugs å returnere båten i tide.
  5. Båten kan bookast for maks tre dagar av gongen.
  6. Har du betalt for booking får du ikkje pengane tilbake om du ikkje kan nytte deg av den.
  7. Redningsvest skal alltid brukast ved bruk av båten. 
  8. Maks 5 personar skal være i båten.
  9. Rydd opp etter deg. Skitt og fiskeslo vaskast ut av båten.
  10. Lås båt og årer når du forlèter båten.
  11. Dersom båt eller utstyr har manglar eller er øydelagt, meld fra til båtansvarleg.
  12. Brot på reglane kan føre til inndraging av retten til å bestille båt.

Om fiske i Jølstravatnet, frå Lovdata:

  • Fiske med stong og kastesnøre er tillate heile året, utanom i tilløpselvane til Jølstravatnet der fisket er tillate 1. januar – 15. september og i utløpselva der fisket er tillate 15. april – 1. oktober.
  • Fiske med oter og djuprigg er tillate 1. juni – 10. august.
  • Fiske med not er tillate 1. juni – 15. juli og 20. august – 15. september.
  • Fiske med flytegarn er tillate 10. august – 15. september.
  • Fiske med botngarn og line er tillate 15. april – 15. september.
Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: 41200591

Del: