Foto av jegerprøveboka

Jegerprøvekurs 2025

  • Fra:
    27.02.2025 kl. 18.00
  • Til:
    04.05.2025 kl. 16.00
  • Varighet:
    9 samlingar i perioden februar - mai
  • Sted:
    Skei skule
  • Pris:
    Medl: 1500,- / Ikke medl: 2700,-
  • Påmeldingsfrist:
    24.02.2025
  • Arrangør:

Jegerprøven kan du ta frå det kalenderåret du fyller 14 år. 
Jølster Jeger- og fiskerforening arrangerer Jegerprøvekurs våren 2025 med oppstart torsdag 27. februar kl. 18.00 og har undervisning torsdagar (med nokre unntak, sjå oversikt over samlinger) fram til og med mai månad, litt avhengig av korti skytebana opnar etter vinteren.

Instruktør på kurset er Ann Kristin Gaare, autorisert jegerprøveinstruktør, rifleinstruktør, instruktør ettersøk, jakthundinstruktør trinn 2.

Kursavgift:
Medlemspris NJFF:
Ungdom under 20 år: kr 1500,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2000,-

Ikkje medlem:
Ungdom under 20 år: kr 2200,-
Vaksne etter fylte 20 år: kr 2700,-

For å bli medlem i NJFF og få rabatt må du registrere deg via: njff.no/medlem

Kursavgifta inkluderer "Arbeidsbok til jegerprøven" og mat på samling 4.
Eksamensgebyr kjem utanom.
Meir info om eksamen finn du her: Miljødirektoratet - jegerproveeksamen.no

Boka «Jegerprøven med Norges Jeger- og fiskerforbund» kan du bestille i lag med påmeldinga til kr. 200,- så får du den utlevert på kurset. Boka inneheld pensum for kurset, og er for øvrig eit kjekt oppslagsverk også etter kurset. Hugs å hake av for boka i påmeldingsskjemaet.

Jegerprøvekurset består av 30 timer og følgjande samlingar:

Samling 1 - Jakt, historie og haldningar (obligatorisk frammøte)

Torsdag 27. februar

Samling 2 - Våpen og våpenlovgjeving (obligatorisk frammøte)

Torsdag 06. mars

Samling 3 - Human og sikker jakt (obligatorisk frammøte)

Laurdag 03. mai

Samling 4 - Skyting med hagle og rifle (obligatorisk frammøte)

Søndag 04. mai (med forbehold at skytebana er opna)

Samling 5 - Artskunnskap

Torsdag 20. mars

Samling 6 - Lover og forskrifter

Torsdag 27. mars

Samling 7 - Jaktformer

Torsdag 03. april

Samling 8 - Ettersøk av skada vilt

Torsdag 10. april

Samling 9 - Handtering av felt vilt

Onsdag 23. april

Samling 1, 2, 3 og 4 har obligatorisk fysisk oppmøte.
Du kan ha inntil to fråver på samling 5 til 9 mot at du syner dokumentasjon på at du har teke samlinga elektronisk. Meir info om dette får du ved kursstart.

Av praktiske omsyn tek vi samling 3 og 4 til slutt i kurset, då dette er utandørs og vi treng dagslys og ope skytebane.

Les meir om samlingane her: njff.no/jegerproven/jegerprovesamlinger

Avmelding innan påmeldingsfrist: Full refusjon utenom eit gebyr på kr. 50,-.
Avmelding etter påmeldingsfristen fram til 48 timer før kursstart: 50% refusjon.
Avmelding innan 48 timer før kursstart: ingen refusjon.
Avmelding med legeerklæring: full refusjon minus gebyr på kr. 50,-.
Ved avlyst arrangement får deltakar full refusjon.

Legg i kalender
KONTAKT

Ann Kristin Gaare

Tlf: +4741200591

Del: