Årsmøte 5. mars 2024

Årsmøte tysdag 5. mars kl. 19.00 - 20.30 i gamle bankbygget på Skei

Publisert: 22. januar 2024 kl. 10.49

Sist oppdatert: 05. mars 2024 kl. 22.53

Styret inviterer alle medlemar i Jølster JFF til årsmøte tysdag 5. mars kl. 19.00 - 20.30 i gamle bankbygget på Skei. Det vert enkel servering.
Saker til årsmøtet skal vere skriftlege og vere kome fram til styret seinast to veker før årsmøtet. Innkomne saker sendast styret på epost til jolsterjff@gmail.com

Sakliste

  • Val av møteleiar, ordstyrar og referent.
  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Val av protokollunderskrivarar og teljekorps
  • Godkjenning av årsmelding for 2023
  • Godkjenning av Årsrekneskapen for 2023
  • Innkomne saker
  • Val

Årsmøtepapira blir  sendt pr. e-post til alle medlemmer (sjekk at du har rett e-postadresse på "min side") seinast ei veke før møtet.

Du kan og lese dokumenta HER.
Papira vil og bli tilgjengelege på årsmøtet.

Oppdatert 5. mars 2024:
Protokoll frå årsmøtet kan du lese her: Signert protokoll 05.03.2024