Jølster JFF har båter på Jølstravatnet

Vil du ut å fiske jølstraaure, eller berre ro deg ein tur på Jølstravatnet?

Publisert: 04. juni 2024 kl. 15.41

Sist oppdatert: 04. juni 2024 kl. 16.59

Då kan du låne båt av oss!

No har vi fleire båter til leige, eller til gratis utlån for deg som er medlem i lokallaget
Vi har ein båt liggande klar i Sanddalen som du kan booke her: Båt Sanddalen

Og så har vi ein båt på Svidalsneset som du kan booke her: Båt Svidalsneset
Denne blir også nytta til flytegarnfisket.

I tillegg har vi "NJFF-båten" som ligg på Kjøsnes som er gratis for alle som er medlem i NJFF. Den booker du her: "Mine båter"

Det er ikkje motor på båtane.
Gratis lån av båtane er ein medlemsfordel for deg som er medlem i Jølster JFF (NJFF-båten er ein sentral medlemsfordel). Du kan lett melde deg inn her: Bli medlem 
Viss du allereie er medlem i eit anna lokallag så kan du teikne sidemedlemskap i Jølster jff for å nytte deg av våre medlemsfordelar. Sidemedlemskap teiknar du på "min side" på njff.no