Kråkedugnad!
Bestanden av kråkefugl har auka mykje dei siste åra, og du kan bli med å halde den i sjakk, og samstundes gjere ein god gjerning for fugl og småvilt som står på kråkefugl-menyen.
Publisert: 25. oktober 2022 kl. 15.33
Sist oppdatert: 03. april 2024 kl. 21.30
NJFF varsla i 2022 at rypebestanden var nedadgåande, og fleire av fjellstyrene meldte og at det var få kyllinger i rypekulla.
Både rev og kråkefugl har fugleegg og kyllingar på menyen.
Vi oppmodar difor til human jakt og fangst av predatorar som kan hjelpe bestanden av rype (og andre fugler/dyr).
Grunneigarlaget i Jølster er dei du tek kontakt med når du mellom anna skal ha fiskekort eller jaktkort for småvilt, og dei har sett desse fellingsvederlaga:
Raudrev: 400,- (800,- totalt, der halvparten kjem frå Jølster Sau & geit)
Mår: 250,-
Skjor, ramn og kråke: 50,-
Fangstredskap som fanger viltet levande skal ha dagleg tilsyn, og det må være minst ein person over 20 år som er tilsynsperson for ungdom som er mellom 14 og 16 år (les meir om krav for tilsynsperson her).
Du kan delta i småviltjakt og fangst frå det året du fyller 14 år. Så her er det mogleg for ungdom å tjene seg litt pengar samstundes som du tek medansvar for å halde nede bestanden av kråkefugl, mår og rev.
Jølster JFF har to kråkefeller, og du er velkomen til å bli med å røkte fellene om du har lyst til det.
Jakttider:
Skjor: 10.august - 28.februar
Ravn: 10.august - 28.februar
Kråke: 15. juli - 31.mars
Mår: 01.november - 15.mars
Røyskatt: 21.august - 15.mars
Raudrev: 15. juli - 15.april
Villmink: heile året