Sportrening
Har du lyst å trene spor med hunden din?
Publisert: 07. juli 2021 kl. 12.56
Sist oppdatert: 18. april 2023 kl. 13.34
Ein ettersøkshund treng vedlikehaldstrening heile året om den skal være "skarpladd" til hjortejakta.
Har du lyst å trene hunden din med mål om å få den godkjent som ettersøkshund eller har godkjent ettersøkshund, og vil ha nokon å trene i lag med, utveksle erfaringar og råd?
Kanskje vi kan få til faste treningar?
Ta kontakt med underteikna så gjer vi avtale om tid og stad.
Om du er grunneigar og har område vi kan trene på, så set vi også pris på å få låne det. Vi etterlet oss ingen synlege spor.
Ann Kristin Gaare, tlf 41 20 05 91 eller på e-post