Hund

Jakt med hund har lange tradisjonar i Noreg. På Vestlandet er det lite vanleg med laus hund på storviltjakt, mykje grunna små jaktfelt og at hjorten ikkje like lett "står for" hund som til dømes elg gjer. Småvilt er meir vanleg med laus hund, men det er verd å merke seg at grunneigarlaget i Jølster har sett forbod med bruk av laus hund på småviltjakt. Merk deg og at i heile Sunnfjord kommune er det utvida bandtvang til og med 1. november.

ettersøkshund.jpg

NJFF Sogn og Fjordane har dommarar som dømmar godkjenningsprøver for ettersøk (blod- og fersksporprøve) 
Du kan lese meir her og ta kontakt med dommar: Godkjenningsprøver
Alle som jakter elg, hjort og rådyr pliktar å ha avtale med ein godkjent ettersøksekvipasje som er tilgjengeleg når du skal jakte. Gjer du avtale med ettersøkslaget i Jølster så har du alltid hund tilgjengeleg. Du kan ta kontakt med ettersøkslaget via denne eksterne lenka: Jølster ettersøkslag Facebook.

Informasjon om dine rettigheiter og pliktar kan du lese her på NJFF-Ettersøkshund

Ein ettersøkshund treng vedlikehaldstrening heile året om den skal være "skarpladd" til hjortejakta.
Har du lyst å trene hunden din med mål om å få den godkjent som ettersøkshund eller har godkjent ettersøkshund, og vil ha nokon å trene i lag med, utveksle erfaringar og råd?
Kanskje vi kan få til faste treningar?​
Ta kontakt med underteikna så gjer vi avtale om tid og stad.
Om du er grunneigar og har område vi kan trene på, så set vi også pris på det. 
Ta kontakt med Ann Kristin i Sanddalen enten på tlf 41 20 05 91 eller e-post

Har du jakthund og lyst til å få aktivitet i laget kring trening og bruk av hund på jakt så ta gjerne kontakt med oss. Vi set pris på alle som vi bidra til aktivitet i laget.

Fuglehunder er hunderaser som vert brukt til fuglejakt.
Fuglehunder grupperast etter måten dei jobbar på eller kva dei brukast til. 
Har du fuglehund og lyst til å få aktivitet i laget kring trening og bruk av hund på jakt så ta gjerne kontakt med oss. Vi set pris på alle som vi bidra til aktivitet i laget.