Medlemsfordel for medlemmar i Jølster JFF

Som medlem i Jølster jeger- og fiskerforening kan du få låne frilufts- og fiske-/jakt-/fangstutstyr.

Publisert: 07. juli 2021 kl. 12.56

Sist oppdatert: 30. mai 2024 kl. 13.14

Laget har ein båt på Svidalsneset til garnfiske, og vi har og 15 fiskegarn til utleige i vatnet.​ Båten kan du som medlem i Jølster JFF låne gratis, og du får leige flytegarna med medlemsrabatt.
Les meir om båt og fiske her: Lenke: Fiske i Jølstravatnet

Laget har og ein båt liggande i Sanddalen som du kan låne gratis.

I tillegg har vi NJFF-båten som du kan booke på minebaater.no

Det er ikkje motor på båtane.

Skal du ha utandørsarrangement, eller vil ha deg ein weekendtur, så har vi ein Lavvo med plass til 8 personer, til gratis utlån for medlemmar. Lavvoen har botnduk og du kan og låne lavvo-ovn, bålpanne med Kaffekjele og Popkornkjele

Når vi har leirdueskyting kan du låne ein av to Hagler kaliber 12 og kjøpe hagleapatroner i same kaliber når du er på bana.
Vi har og dueutkaster du kan låne om du vil trene i ro og mak heime på garden med eiga hagle.

Når vi arrangerer skyting på riflebana kan du og få låne rifle kaliber 6,5.-55 både med og utan dempar. Vi har og links-rifle. Ta gjerne med deg ein ven på skytebana.

I tillegg har vi ein Skivevender for skytetrening, og fylkeslaget har og skivevendarar om ein skal ha arrangement og treng fleire vendemål å trene på.

Vi har og seks Mårfeller til utlån om du vil prøve deg på fellefangst i sesongen.

Dette kjem i tillegg til dei sentrale medlemsfordelane. Les om dei her: NJFF Medlemsfordel

Ta kontakt på telefon/sms til 41200591 eller Epost for å låne/leige utstyr frå lokallaget.

Er du ikkje medlem? Bli medlem her​!