AVLYST Isfiske/familietur til Dalavatnet

ISFISKE ER AVLYST Leikanger Jakt- og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 2.mars 2025 frå kl. 12:00 - 15:00.

Publisert: 22. februar 2025 kl. 11.12

Sist oppdatert: 26. februar 2025 kl. 18.07

Isfiske på Dalavatnet

- Lokalkjente personar og andre vaksne er med og rettleiar.
- Isfiske blir på eige ansvar, og difor må alle barn under 16år
 vera i fylgje med vaksne.

- Gode isforhold. Mykje snø på isen, så ta med tette sko.
- Ta med spa og stol.
- Jakt- og Fiskelaget stiller med isborar, isfiskeutstyr og agn
 (maggot) , men ta med eige utstyr om du har.
- GRATIS grillpølser m/brød, varm saft og kaffi.
- P.G.A. dårlige parkeringsmuligheiter , må me reisa mest 
  muleg samla. Reis i lag med naboen eller andre kjente.
- Er du interessert, ta kontakt på tlf. 90605267 for meir info.

Isfisketuren blir avlyst på kort varsel, om isen er utrygg.
 

Skitt fiske!                                               Alle er velkomne!

Leikanger Jakt- og Fiskelag