Leikangerfelten 2025
Rekordoppmøte på dagens jaktfelt.
Publisert: 13. april 2025 kl. 18.11
Takk til alle 87! som tok turen til Leikanger og flotte Engjasete gard på 3. runde av Våpenloftetcup i dag.
God stemning og veldig mykje bra skyting.
Gratulera til stemnevinnar Jørn Kåre Kvamme i frå Flora JFF.
Spesielt kjekt var det att det kom mange ungdommar som deltok på sitt første jaktfeltstemne med kal.22, dette lovar godt for rekrutteringa vidare
Tusen takk til Våpenloftet AS, Erling Røysum AS, jaktogvilt.no og Leikanger jakt og fiskelag for flotte uttrekkspremiar og ungdomspremiar og Tusen takk til grunneigarane på Engjasete for att me får nytta denne flotte plassen til stemnet vårt.
Med framifrå dugnadsinnsats vart dette ein kjempedag.