Ny fangst- og predatorkonkurranse 2024/2025
Ny fangst- og predatorkonkurranse for sesongen 2024/2025 er i gong frå 1. april.
Publisert: 20. juli 2024 kl. 09.46
Konkurransen varar frå 01.04.2024 – 31.03.2025.
Poengsetting i konkurransen er:
Viltart | Jakttid | Poeng |
Raudrev | 15.07 - 15.04 | 50 |
Mår | 01.11 - 15.03 | 50 |
Mink | 01.04 - 31.03 | 25 |
Røyskatt | 21.08 - 15.03 | 25 |
Ravn | 10.08 - 28.02 | 25 |
Kråke | 15.07 - 31.03 | 20 |
Skjor | 10.08 - 28.02 | 20 |
Premiar for samanlagt resultat:
1. premie: Gåvekort hjå Erling Røysum AS kr 1300,-
2. premie: Gåvekort hjå Erling Røysum AS kr 1000,-
3. premie: Gåvekort hjå Erling Røysum AS kr 700,-
Kostnaden for premiane er delt likt mellom Systrond grunneigarlag, Erling Røysum AS og Leikanger Jakt- og Fiskelag.
I tillegg skal skal det trekkast fleire gåvepremiar mellom dei andre som deltek.
Hugs at det også er skotpremie på raudreven! Registrering hjå Leikanger Sau og Geit v/Heidi Eiken (Grindsvegen 3, tlf: 95216424).