Skyting
Føremålet med NJFF si jaktskyting mot viltmål er å gje jegaren trening for utøving av mest mogleg human jakt, tryggleik i våpenhåndtering, og for rekruttering og opplæring av ungdom.
Luster jakt- og fiskelag oppmodar alle jegrar til å treneskyte både med hagle og rifle, Sjølv om kravet til storviltprøve er oppskyting.
Skyting er ferskvare, og skal vi få ei god og human jakt, lyt vi sjå til at børsa går som den skal.
NJFF Sogn og Fjordane har dei siste åra trekt ut premiar blandt dei som trenar og fører det opp på skjema og sender inn. Du kan også nytte skjemaet dersom du trenar heime på bøen eller andre stader enn skytebana også.
Leiar rifleutvalet: Arvid Solstad
Leiar i leirdueutvalet: Tor Einar Ødegård Bjørk