Jakt på Hareidlandet
På Hareidlandet er det tilgang på små- og stor-vilt jakt i begge kommunane Hareid og Ulstein. Det er god bestand av hjort, hare, orrfugl, grågås, sjøfugl og sel.
Leiar
mats.refsnes@gmail.com
90185903
Jaktkort og Prisar
PRISAR JAKTKORT ULSTEIN OG HAREID 2024 -
-
Nytt om JAKTRAPPORT
Årsmøtet i UHJFF av 2024 vedtok at manglande innrapportering av jakt/-fellingsrapport innan mars etter jaktsesongen slutt, må betale eit tillegg på kr. 300 ved evt. kjøp av nytt jaktkort året etter.
For levering av jaktrapport bruk denne epostadressa:
.
INFORMASJON TIL JEGEREN 2024-
Jakttid:
1.oktober til og med 23. desember. Dette gjeld alt småvilt med jakttidsramme, begrensa til jakt i utmark tilhøyrande utmarkslaga sine medlemmer (vist i vedlagde kart). Jakt med rifle er ikkje tillatt.
Utmarkslaga, i samråd med Ulstein og Hareid jeger og fisk, har gjort slikt vedtak:
Rype: Rypa er freda i 2024.
Orrfugl: Det vert oppmoda om å spare orrhøns, ingen begrensning på orrhane.
Hund brukt under jakt skal ha godkjent «sauesertifikat» (må medbringast).
Den som jaktar med hund som blir brukt i jaktøyemed, må løyse ”jaktkort for hund”, slikt jaktkort treng alle som jaktar nær og har nytte av slik hund, ikkje berre hundeførar.
Utanbygds jegerar får ikkje bruke hund.
Jaktkort:
Sesongkort med hund kr. 800,- Kun for innanbygds buande.
Sesongkort utan hund kr. 400,-
Døgnkort med hund kr. 200,- Kun for innanbygds buande.
Døgnkort utan hund kr. 100,-
Grunneigar: Kort kan kjøpast hos Kjartan Snipsøyr i Hareid, og hos Erling Ove Flø i Ulstein med 50% rabatt. Jaktkort må bringast med og visast fram ved kontroll. Under opplæringsjakt skal det løysast 1 jaktkort per våpen:
Jaktkort på internett:
Utmarkslaga har, i samarbeid med UHJFF, opna for sal av jaktkort og rapportering av jaktresultat på internett. For Prisar og Betaling: Trykk HER
Jaktrapport:
Rapportering har vore for dårleg, vi må presisere at alle som løyser jaktkort har plikt til å sende inn rapport om fellingsresultatet. Rapporten kan sendast laga, leverast kortseljar, eller meldast. epost: jaktrapportuhjff@gmail.com innan 31.01.2025.
NB! Årsmøtet i UHJFF av 2024 vedtok at manglande innrapportering av jakt/-fellingsrapport innan mars etter jaktsesongen slutt, må betale eit tillegg på kr. 300 ved evt. kjøp av nytt jaktkort året etter.
Jaktforbod: Etter kunngjering i presse og ved andre avtalar er det i nokre områder forbod mot småviltjakt. Desse områda er, så langt ein kjenner til dei, avmerka, (skraverte) på kartet. I tillegg er det ikkje lovleg å jakte i nærleiken av hyttene som ligg innanfor jaktområdet.
Vi gjer merksam på at Brandalsfjella er unnateke frå jaktområdet.
Myraskogen er freda under hjortejakta.
Sau i fjellet:
Vi oppmodar jegerane om å melde frå om sau som går att i fjellet. Dersom det vert funne kadaver av sau så ta vare på eventuelle merke. Meld frå til Gunmar Grimstad, tlf. 95787862.
God jakt!
JAKT BRANDAL UTMARKSLAG
Jaktområde
Ulstein og Hareid Jeger og Fiskeforening har avtale med Brandal Utmarkslag om jakt og hundetrening på området. Sjå områdekart og reglar for avtalen her.
Områdekart Brandal
Jaktreglar Brandal 2024
Prisar Jaktkort