Jaktreglar Brandal 2024 -

Jaktreglar Brandal 2024 -

JAKTTIDER - JAKTBARE ARTAR – AVGRENSINGAR

Jakttida

10. september startar småviltjakta i Brandal Utmarkslag. Jakta er kun for medlemmar av UHJFF.

Storfugl og rype er freda i sesongen 2024.

Maks 1 orrhøne pr. dag. Ingen begrensningar på orrhane og hare.

Kart og jaktreglar finn ein på www.uhjff.no

Jaktkort

Alle som jaktar på jaktfeltet på Brandal Utmarkslag skal løyse jaktkort. Jaktkort skal bringast med på jakt og kunne visast fram ved kontroll (kvittering vipps)

Jaktkort vert seld av UHJFF og det er kun medlemar av UHJFF som kan løyse kort for fuglejakt.

Jaktkort for hare kan kjøpast av alle, men då kun 7 dagars kort, pris kr. 300.-

Sesongkort selgast berre til medlemmar og prisen for jaktkort sesongen 2024 er sett til kr. 300,-.

Prisar og kjøp -LINK til Prisar

Jakt-reglar

Det foregår hjortejakt i terrenget samstundes med småviltjakta, og det er derfor viktig at kvar jeger tek omsyn til andre, slik at samjakt kan foregå på ein slik måte at ein ivaretek sikkerheit og unngår konfliktar. På tidleg morgon og i kveldinga jaktast det hjort i øvste skogbandet. Maksimalt 2 mann på linje. Det presiserast at det er jegeren si plikt å setje seg inn i gjeldande reglar og grenser for terrenget, og at desse blir overhaldne.
Terrenget er avgrensa til utmark tilhøyrande Gnr. 40 og er avmerkt på vedlagte kart. Alle som jaktar med hund må ha godkjent «sauereinheitsbevis».

Jaktrapport

Alle som har løyst jaktkort pliktar å levere jaktrapport innan utgangen av mars.

Rapport leverast elektronisk til jaktrapportuhjff@gmail.com

NB! Årsmøtet i UHJFF av 2024 vedtok at manglande innrapportering av jakt/-fellingsrapport innan mars etter jaktsesongen slutt, må betale eit tillegg på kr. 300 ved evt. kjøp av nytt jaktkort året etter.

Alle funn av sauekadaver eller fallvilt av hjort skal rapporterast til UHJFF eller grunneigar.


God Jakt!

BRANDAL UTMARKSLAG